Hopp til innhold

Heile Venstre-gruppa sa takk for seg

EIVINDVIK (NRK): Alle Venstre-politikarane i kommunestyret melde seg ut av partiet. – Alvorleg, meiner fylkesleiar.

Bjarte Undertun

VILLE UT AV VENSTRE: Bjarte Undertun gjekk frå Venstre til Ap. Han var ikkje aleine.

Foto: AHMAD DEAN / NRK

– Vi kom tilbake til null, så vi merka det godt, seier lokallagsleiar for Gulen Venstre, Aslak Nyhammer.

Det var velstand for Venstre i Gulen kommunestyre då dei fekk 14 prosent og tre kommunestyrerepresentantar ved valet i 2015. Nokre år seinare melde alle seg ut av partiet i protest.

Dei er langt frå aleine. Venstre toppar statistikken i talet på utmeldingar med 62 av 545 kommunestyremedlemmar.

Det var lenge uvisst om partiet klarte å stille liste ved valet no til hausten. Til slutt måtte lokallagsleiaren finne fram telefonen og ringe rundt for å hanke inn folk.

– I siste augneblink kom vi i mål med ei liste med sju personar, seier Nyhammer.

Frå Venstre til Ap

I kommunestyresalen i Eivindvik sit dei to avhopparane Margrethe Thune Trædal og Bjarte Undertun. Dei er to av tre som melde seg ut av Venstre då partiet gjekk i regjering med Frp.

– Eg tenkte mykje på det. Venstre blei meir liberale og retta mot det urbane, noko som ikkje var relevant for folk på bygda, seier Undertun.

– Terskelen bør vere høg for slike val, men ein må kunne stå inne for det ein representerer, seier Trædal.

Til hausten blir det valkamp for nytt parti. No står dei begge på lista til Arbeidarpartiet i Gulen.

– Det er nok ikkje heilt uproblematisk. Ap er partiet som står meg mest nær etter Venstre, seier Undertun.

– Kan de garantere at de ikkje vil hoppe av Ap si liste?

– Nei, men eg synest ikkje at dette skal bli ein vane, seier Undertun.

Margrethe Thune Trædal og Bjarte Undertun

FEKK NOK: Margrethe Thune Trædal og Bjarte Undertun fekk nok av Venstre.

Foto: AHMAD DEAN / NRK

– Alvorleg

146 kommunestyrerepresentantar har hoppa av frå Frp og Venstre den siste valperioden. Avhopparane uroar fylkesleiar for Venstre i Sogn og Fjordane, Jan Henrik Nygård.

– Det endrar maktbalansen i kommunestyret. Viss nokon skiftar parti, så blir folk usikre på kva dei står for. Det er alvorleg, seier Nygård.

Han er ikkje i tvil om at dette er noko som påverkar veljarane.

– Heilt klart. Veljarane vil ikkje sette pris på at fleirtalet endrar seg i viktige saker på grunn av avhopparar.