Haustar sopp midt på svarte vinteren

Soppsesongen er på ingen måte over. Mange stader i landet haustar entusiastar framleis sopp.

Sopp plukka i Florø 30. desember 2019

GUL TROMPET: Denne fangsten sikra Mirjam Hauke Tønnesen seg i Florø 30. desember.

Foto: Mirjam Hauke Tønnesen

– Denne sesongen har vore veldig uvanleg, seier soppentusiast Mirjam Hauke Tønnesen.

Hausten er tida dei fleste reknar som soppsesong, men så seint som 30. desember kunne ho plukke gul trompetsopp i soppskogen i Florø.

– Vi har hatt ein mild haust og lite snø ved kysten. Den soppen eg plukkar toler både snø og frost i små mengder, fortel ho.

Det er mest traktkantarell ho har funne, men også gul trompetsopp og piggsopp.

Sopp fleire stader

Tønnesen er ikkje aleine om funna sine. På Facebooksida «Vi som liker sopp» er det rapportert om sopp-plukking i slutten av desember og byrjinga av januar. Kantarellar og anna sopp har landa i soppkorger både i Indre Østfold, Trøndelag og i Kristiansand.

Mirjam Hauke Tønnesen

ENTUSIAST: Mirjam Hauke Tønnesen er ein ivrig sopp-plukkar.

Foto: Torje Bjellås/NRK

– Er dette noko mange driv med om vinteren?

– Nei, berre entusiastane, ler Tønnesen.

– Men mange i Noreg er interesserte i sopp. Langs heile kysten, frå svenskegrensa og mot Trøndelag har det vore ein merkeleg soppsesong i år.

Mild vinter

Nokre soppar er tilpassa fruktifisering om vinteren, fortel Håvard Kauserud, professor ved Institutt for biovitskap ved Universitet i Oslo. Det vil seie at fruktlegemet, den delen av soppen vi plukkar, blir danna om vinteren. Dette gjeld særleg sopp som veks langs opne elvar og vatn, der det gjerne ikkje blir så kaldt.

– Vi ser også at sesongen for soppane si fruktifisering er blitt breiare og lengre.

Det er truleg klimaendringar som gjer at soppsesongen blir forskyvd. Soppane som fruktifiserer om våren gjer dette tidlegare no enn før, på lik linje med at trekkfuglar kjem før og plantar blomstrar tidlegare, forklarer Kauserud.

Soppar som fruktifiserer om hausten, som kantarell og steinsopp, kan gjere det lengre utover hausten enn før, fordi frosten og vinteren kjem litt seinare.

– Dette har vi sett tydelege teikn til i heile Europa, og også her i landet er det indikasjonar på at dette skjer, fortel Kauserud.

Forsker Håvard Kauserud ved UiO

LENGRE SESONG: Det finst teikn på at klimaendringar gir lengre soppsesong, seier forklarer Håvard Kauserud ved Universitet i Oslo.

Foto: Yngve Vogt, UiO

I tillegg har det vore ein mild og varm vinter mange stader i Noreg, og det gjer at soppar som vanlegvis ikkje gjer det, kan fruktifisere no.

– Men at ein finn sopp no, kan jo også dels skuldast ei større interesse for sopplukking.

Reinsar godt

Tønnesen erfarer at ikkje all vintersoppen er like god som om hausten. Ho må reinse soppen godt når ho kjem heim frå tur. Soppen bruker ho til suppe, stuingar, som snacks, i omelett og som tilbehøyr til mat.

– Då eg var ute i slutten av desember reinsa eg to og ein halv liter gul trompetsopp, det blei ei fantastisk soppsuppe.

Om vêret held. blir det ein ny sopptur i helga. Men soppstaden vil ho ikkje røpe.

– Eg kan ta med venner frå andre stader for å plukke sopp, men ikkje folk frå Florø. Det er ei godt bevart hemmelegheit, ler Tønnesen.

Gul trompetsopp

SEIN SOPP: Mirjam Hauke Tønnesen fann gul trompetsopp i skogen i Florø rett før nyttår.

Foto: Mirjam Hauke Tønnesen