Hopp til innhold

Hardt ut mot eiga partileiing i MDG

Stortingskandidat for Miljøpartiet dei Grøne tek eit kraftig oppgjer med partiet som vil bruke milliardar på jernbane på Austlandet.

Stein Malkenes og Rasmus Hansson

USAMDE OM JERNBANE: Stein Malkenes er stortingskandidat for MDG i Sogn og Fjordane, og Rasmus Hansson er stortingsrepresentant og nasjonal talsmann i MDG.

Foto: NRK/Christian Kråkenes / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

– Det handlar rett og slett om at Oslo og det indre austlandsområdet der partileiinga sit, og resten av landet, er to vidt forskjellige verder, seier Stein Malkenes, som er stortingskandidat for MDG i Sogn og Fjordane.

Han er kritisk til partileiinga som vil bruke milliardar på å bygge togbaner på Austlandet.

– Sentralt i Miljøpartiet dei Grøne er det ei overdriven tru på at å bruke det meste av budsjettet i Nasjonal Transportplan på jernbanestrekker på Austlandet er eit godt klimatiltak. Det er det ikkje, og det syner også fleire rapportar, seier Malkenes.

Partiet vil totalt bruke 450 milliardar kroner på tog, 128 milliardar meir enn regjeringa.

Ulike klimaløysingar

– Klimaløysingane handlar ikkje berre om korleis vi reiser, men også om kor mykje vi reiser. Vi må altså også reise mindre, seier klimaforskar Carlo Aall ved Vestlandsforsking.

I Miljøpartiet dei Grøne i Sogn og Fjordane meiner Malkenes at jernbaneutbygginga rundt Stor-Oslo er sentraliserande og langt frå klimavenleg.

– Den beste klima- og energipolitikken vi har i Norge er at folk skal bu i heile landet, og ikkje rundt Oslo. Difor må eg no ta dette opp med partileiinga og seie at dette vil ikkje vi vere med på, seier Malkenes.

Forskjellar

– Eg kan vere med å at det er stor forskjell på Florø der Stein Malkenes bur og Oslo og Stortinget der eg sit. Eg er og samd med Malkenes i at folk skal bu over heile landet, seier Rasmus Hansson, som er stortingsrepresentant og nasjonal talsmann i MDG.

Samstundes peikar Hansson på at den nasjonale transportplanen til MDG er laga etter ein brei diskusjon i partiet.

– Så det er ikkje dekning for å gjere transportpolitikken til MDG til eit produkt av nokre som bur innanfor ring tre i Oslo, seier Hansson.

Han seier at togsatsinga til MDG først og fremst er eit spørsmål om å fullføre og modernisere det tognettet vi har i Norge i dag.

– Og det er fornuftig å gjere fordi det er mange som må transporterast, og då er det meir miljøvenleg å transportere folk kollektivt med til dømes jernbane, enn at dei skal sitte i kvar sin bensinbil. Men MDG satsar og på utbygging av ekspressbussar i distrikta, seier Hansson.

– Kva tykkjer du om at ein av stortingskandidatane går ut mot partileiinga på denne måten i eit valår?

– Det er heilt fint. Det er bra at vi har fylkesleiarar over heile landet som seier kva dei meiner. Då toler eg å få litt kjeft av og til, og så må Malkenes tole å få kjeft av meg, seier Hansson.