Hopp til innhold

Kommunereformen: Dei kan vigsle gifteklare

Sist ordførar i Fjaler, Arve Helle, vigsla folk, gjekk han med bleie og leika i sandkassen. No blir det alvor.

Får vigsle

DU KAN GJE DEI DITT«JA»: Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo og ordførar i Fjaler, Arve Helle, vart overraska over den nye arbeidsoppgåva deira.

Foto: Montasje

– Det er berre å gå i trening. Akkurat den vrien kom litt overraskande på meg, seier ein lattermild ordførar i Eid, Alfred Bjørlo.

I dag vart Stortingsmeldinga lagt fram som seier noko om kva oppgåver kommunane skal ha. At ordførarane kan få rett til å vigsle folk borgarleg, kom noko uventa på ordførarane.

Ivrig i tenesta som prest

– Eg hugsar det ikkje sjølv, men eg har visst erfaring med det. I barnehagen var eg visst ein kløppar på å leike prest, så det må hentast fram att, flirer Helle til den nye oppgåva han kan få, seier ordførar i Fjaler, Arve Helle.

Regjeringa har sagt dei ønskjer å overføre meir makt nedover til kommunane. I Stortingsmeldinga som kom i dag er tanken at kommunane skal ta ansvar for mellom anna tannhelsetenesta og borgarleg vigsel.

For ordførarane er ikkje arbeidsoppgåvene i Stortingsmeldinga avskrekkande.

– Eg er positiv til at ein er så konkret og går så breitt til verks når det gjeld å flytte oppgåver nedover. Regjeringa viser med dette at dei meiner alvor med å flytte makt og myndigheit nedover til kommunane. Det er eit godt utgangspunkt, men som ein kan gjere betre, seier Bjørlo.

– Treng ikkje politiske vedtak for oppgåvene

Ordførarane er opptekne av at kommunane får større ansvar for nærings- og samfunnsoppgåvene.

– Eg ser at på lista er det ein heil del som blir flytta ut som er regelstyrt og som ikkje krev noko politisk skjønn. Ein treng ikkje politisk vedtak for verken tannregulering, rullator eller krykker.

Helle er ikkje i tvil om at det må kommunesamanslåingar til for å kunne handtere mange av oppgåvene som er tenkt.

– Til ein god del oppgåvene må vi nok vere mykje større enn vi er i dag, og det ligg også i arbeidet med kommunereforma som er i gang.

– Ein storkommune i Sunnfjord ville vere eigna

Bjørlo meiner at dagens små kommunar ikkje vil vere i stand til å handtere dei nye oppgåvene.

– Mange av oppgåvene kan bli godt varetatt i kommunar med storleik på 15–25 tusen innbyggarar. Eg trur dei gode prosessane ein er på gang med i Sunnfjord er midt i blinken for ein del av det som er foreslått.

Det er Helle samd i, men ser likevel andre utfordringar.

– Når det gjeld dei store oppgåvene som ikkje er tydelege her, som kollektivtrafikk og vidaregåande skular, så tenkjer eg at då må heile Sogn og Fjordane til for å få det til.