Hopp til innhold

Har testa 30.000 hjortedyr for skrantesjuke

Prøver frå 10.000 hjortedyr vart analyserte i fjor, medan talet analyserte prøver til no i år er oppe i 20.000. Det gir forskarane viktig lærdom.

Skrantesjuk villrein hjå Veterinærinstituttet

OMFATTANDE KARTLEGGING: På det meste har Veterinærinstituttet analysert 963 prøver for skrantesjuke i løpet av ein dag. Bileta syner prøvetaking av ein skrantesjuk villrein.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Etter funnet av skrantesjuke på ei reinsimle i Nordfjella, og seinare på to elgar i Trøndelag i fjor vår, starta styresmaktene ei omfattande kartlegging av den frykta dyresjukdommen.

Jørn Våge

HELD FAST PÅ VEDTAK OM UTRYDDING: Jørn Våge er skrantesjuke-koordinator i Veterinærinstituttet.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Før sjukdommen vart påvist i Norge var den berre kjent frå USA og Kanada.

Veterinærinstituttet har til no analysert til saman 30.000 prøver av hjortedyr (ekstern lenke).

– Resultata viser at førekomsten i Nordfjella er låg, noko som gir håp om å bevare friske villreinstammar i Norge, seier skrantesjuke-koordinator Jørn Våge ved Veterinærinstituttet i ei pressemelding.

Vel ein prosent av stammen i Nordfjella er smitta

Chronic Wasting Disease kan lettast samanliknast med skrapesjuke hos sau eller kugalskap. I Norge har CWD no fått namnet skrantesjuke.

I fjor haust vart jegerar over heile landet bedne om å vere med på dugnad for å få testa om den alvorlege dyresjukdommen hadde spreidd om seg i Norge. I USA og Kanada har hjortevilt i store område blitt utrydda for å hindre vidare spreiing.

I mai avgjorde landbruksministeren at heile villreinstammen i Nordfjella må bøte med livet i eit forsøk på å hindre spreiing av skrantesjuka.

Prøvetakinga av villreinen i Nordfjella viser at cirka ein prosent av stammen der er smitta av skrantesjuke, noko som stadfestar det forskarane hadde rekna med. Det var også dette talet som låg til grunn når det blei gitt råd om å utrydde stammen i området.

Reinsdyr skoten

UTRYDDA: I løpet av vinteren er målet å utrydde rundt 1500 villrein i villreinområdet Nordfjella i Sør-Norge.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Har håp om at sjukdommen ikkje skal få fotfeste

Det omfattande prøvematerialet viser også at skrantesjuke-tilfella blant elg og hjort skil seg frå smittetilfella i Nordfjella, skriv Veterinærinstituttet. Smittetilfella blant elg og hjort skal ifølgje forskarane vere meir lik andre atypiske prionsjukdommar som råkar eldre individ, og som skal oppstå spontant utan smitte.

– At omfanget så langt viser seg å vere som berekna i Nordfjella, og at funna utanfor området ser ut til å vere ein annan type skrantesjuke, gjer vi framleis har håp om å hindre at sjukdommen sett hos villrein får fotfeste i Norge, seier Våge i Veterinærinstituttet.

Dette håpet har samtidig ein viktig føresetnad ifølgje skrantesjuke-koordinatoren. Nemleg at smittefaren i Nordfjella blir eliminert.

– Det føreset at vi får fjerna smitten. Å gi opp dette forsøket, vil i eit vidt perspektiv vere å gje opp tanken om framtidige friske hjortevilbestandar, seier Våge.

Sperregjerde for å hindre smitte av skrantesjuke på Hemsedalsfjellet

SPERREGJERDE: Det vart tidlegare i år sett opp eit sperregjerde på Hemsedalsfjellet for å hindre at tamrein gjekk inn i det området som er rekna som smitta av den frykta skrantesjuka.

Foto: Andre Høva/Mattilsynet