Hopp til innhold

Melder Mattilsynet til politiet for dyremishandling i Nordfjella

Dyrevernorganisasjonen «Dyrenes Røst» meiner Mattilsynet driv statleg organisert dyremishandling i Nordfjella og melder dei til politiet.

Hentar ut skrantesjuk villrein

SJUKE DYR: Utryddinga av 2200 rein i Nordfjella har vore i gang ei stund. Her blir skrantesjuk villrein henta ut.

Foto: Petter Braaten/SNO

– Mange har åtvara mot dårleg dyrevelferd under nedslaktinga av villreinen i Nordfjella og ikkje blitt høyrt. Vi ser ikkje anna utveg enn å melde Mattilsynet til politiet for det vi meiner er grove brot på dyrevernlova, seier Jenny Rolness i organisasjonen «Dyrenes Røst».

– Kva grove brot siktar du til?

Jenny Rolness

POLITIMELDING: Jenny Rolness i Dyrenes Røst.

Foto: Privat

– Dyr skal beskyttast mot unødige påkjenningar og belastningar. Her er det snakk om kontinuerleg jakt og nedskyting i to tredjedelar av året, med fare for stress og utmatting for dyra. Simler kan abortere grunna stresset, og dyra kan bli så utmatta at dei døyr. Reinsdyra får ikkje naudsynt ro vinterstid, fordi dei må flykte frå jegerar, snøskuterar og helikopter.

Organisasjonen Rolness er talsperson for er nystarta. I sommar oppmoda ho jegerar om å sabotere nedslaktinga av villreinen i Nordfjella.

Vil stogge nedskytinga

– Har de ikkje tillit til at Mattilsynet tek omsyn til dyrevelferda?

– Vi meiner Mattilsynet har gått langt utover det som er forsvarleg og at smittevernomsyn køyrer over dyrevernomsyn i denne saka.

Kva ønsker de å oppnå?

– Vi ønsker å stogge nedslaktinga. Mange har kjempa for det lenge, men opplever at dei ikkje blir høyrt. Då må vi setje sterkare verkemiddel inn. Det som skjer i Nordfjella meiner vi er både dyremishandling og rasering av vår felles natur- og kulturarv, hevdar Rolness.

– Vi vil hindre spreiing

Mattilsynet sin CWD-koordinator, Hallgeir Erikstad, vil ikkje å gå inn i dei konkrete påstandane til Rolness sidan det gjeld ei politimelding.

Hallgeir Erikstad

CWD-KOORDINATOR: Hallgeir Erikstad i Mattilsynet.

Foto: Mattilsynet

– Men det er viktig å understreke at vi gjer dette for å hindre spreiing av ein dødeleg sjukdom som vil utsette dyra for store lidingar. Handlar vi ikkje no, vil sjukdomen spreie seg til andre hjortedyr og kanskje andre land.

– Å la vere å forsøke å hindre dette, er etter vårt syn den verkelege dyremishandlinga. Mattilsynet må ta ei avveging mellom eit kortvarig stress med statleg felling, eller langvarig liding når mange fleire dyr blir smitta, seier Erikstad.

Reinsdyr slaktes ned

NEDSKYTING: I førre veke starta det statlege jaktlaget nedskytinga av dei siste 1500 villreinane som er att i Nordfjella. Det første jaktlaget fekk skote 57 dyr den første veka.

Foto: Håvard Heggen / NRK