Hopp til innhold

Hallvard står på ski året rundt

– Legen sa det var bra med litt bevegelse, så tre veker etter operasjonen fekk eg stå på ski igjen, seier Hallvard Bjørge (30).

Hallvard Bjørge har gått på ski kvar månad sidan 2015

SKI-ENTUSIAST: Kvar månad sidan 2015 har Hallvard Bjørge stått på ski. Ingenting har hindra mannen i å gjennomføre målet så langt.

Foto: Mari Severinsen

Han har sidan november 2015 stått på ski minst ein gong kvar månad. Verken dårleg vêr, mangel på snø eller helsa har vore til hinder for å gjennomføre målet hans.

Det var Sogn Avis som først skreiv om saka.

Mannen frå Stavanger flytta til Sogn etter at han fekk eit jobbtilbod der. Det heile starta om vinteren, men når vinteren var omme så tenkte ski-entusiasten at han like greitt berre kunne fortsetje å stå på ski.

Hallvard Bjørge - Skredfjellet i Fjærland

HØGT OPPE: 1. mai 2017 gjekk skituren til Skredfjellet i Fjærland.

Foto: Privat

– På vinteren er ein jo berre eit lite kvarter med bil unna nærmaste skianlegg. Når vinteren var over så tenkte eg at ein kunne like godt berre fortsetje å stå på ski.

– Ein må jo utnytte det at ein bur så nært fjella her, seier han.

Operasjon ingen hinder

For to år sidan skjedde det noko som gjorde at han nesten ikkje fekk gjennomført ein månad med skigåing. Han vakna ein sundagsmorgon med sterke smerter i magen. Det enda med ein tur til sjukehus og operasjon.

Hallvard Bjørge

INGEN HINDER: Berre tre veker etter at Hallvard Bjørge opererte blindtarmen stod han på ski att.

Foto: Privat

– Då var det blindtarmen som ikkje var heilt på lag. Eg fekk god hjelp på sjukehuset, og kom meg heldigvis i mål med den månaden også.

– Legen sa jo at det var bra med litt bevegelse, så tre veker etter operasjonen fekk eg stå på ski att, seier han.

Krev mykje planlegging

Fire år har gått, men det er framleis like viktig for han å gjennomføre ein månad som før. Sjølv om det til tider kan vere vanskeleg å finne snø.

– Ein månad måtte eg til og med «låne» kunstsnøen på Heggmyrane.

Han seier det krev mykje planlegging og innsats for å gjennomføre, men så langt har det vore vel verdt strevet. Han tek ofte lange køyreturar, eller går fleire kilometer til fjells med skia på ryggen for å finne snø.

– Om sommaren og ut over hausten må eg gjerne jobbe litt ekstra hardt for å få snø under skia. Men det brukar vere verdt strevet.

Hallvard Bjørge har gått på ski kvar månad sidan 2015

KREVJANDE: Når snøen ligg høgt til fjells tar Hallvard Bjørge skia på ryggen og går til han finn ein plass å stå.

Foto: Mari Severinsen

I juni i år tok han turen til Sunnmøre og fekk fullført månaden med ein skitur på «Blåtind».

– Det var luksus det, seier han med entusiasme i stemma.

I dag syklar han Sognefjellsrittet saman med nokre kompisar frå Stavanger. Sjølv er det ikkje viktig for han å kome først i mål, då han skal bruke store delar av turen på «research».

– På turen får eg gjort litt research på Sognefjellet. Då får eg sjå om det er mogleg å gå frå vegen og opp til «Steindalsnosi», avsluttar han.