Hopp til innhold

Har planen klar før «Bolli»-retur

Sogndal startar også komande eliteseriesesong med bortekamp. I andre seriekamp tek dei i mot sin tidlegare kaptein, Rune Bolseth, på Fosshaugane.

Ulrik Flo og Lars Grorud

TUNNEL: Ulrik Flo vil svært gjerne ta tunnel på sin tidlegare kaptein, Rune Bolseth. - Vi spelar på ulike plassar på bana, men får eg moglegheita så gjer eg det, ler han.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sesongen sparkar i gang 25. mars når saftlaget tek turen til Skien og Odd Grenland.

Allereie i andre serierunde blir det gjensyn med gamle kjente når Hønefoss og tidlegare Sogndal-kaptein Rune Bolseth gjestar Fosshaugane i april.

– Bolli var ti år i Sogndal, og det blir sjølvsagt spesielt å møte han att når du såg på han som ein leiarperson, seier Ulrik Flo.

Vil slå tunnel på «Bolli»

Flo signerte for Sogndal i 2006, og debuterte året etter. Då var Bolseth allereie veletablert på midtbana til Sogndal. Etter ti år i klubben, reiste sandensaren til Hønefoss , som då var i eliteserien, i 2009.

2010 bytte dei to klubbane divisjon. Bolseth har tidlegare sagt til NRK.no at han har vanskar med å sjå seg sjølv spele mot Sogndal . Kommande sesong skjer det 1. april.

– Det blir ekstra motivasjon i kampen. Ingen tvil om at det blir freistande å slå tunnel på han og slå han i duell. Får eg moglegheita skal eg slå ein tunnel, ler Flo.

Skartun-retur

Det blir mange gjensyn med tidlegare lagkameratar for Sogndal-spelarane. I år vart det fleire møte med Lars Grorud og Piotr Leciejewski i Brann. I tillegg til Bolseth på Hønefoss, spelar også tidlegare Sogndal-spelar Børre Steenslid for årets seriemeister Molde.

Før serieavslutninga i år vart det også klart at Isak Scheel vil spele for Lillestrøm sesongen 2012. Og i Haugesund blir Oddbjørn Skartun ny angrepsspelar .

– Eg og Oddbjørn er gode kompisar og det hadde vore veldig gledeleg om vi var på bana i same kamp, seier Flo.

Bortekamp 16. mai

Medan fleire av lagkameratane har reist på ferie, er Flo heime i Sogndal og bur seg til engelskeksamen 15. desember. Han hadde ikkje sett serieoppsettet då NRK ringde torsdag ettermiddag.

Storkampen 16. mai må Sogndal spele borte mot storebror Brann i Bergen. Same motstandar gjestar Fosshaugane 18. november i sesongens siste kamp.

– Vi skulle hatt Brann heime litt tidlegare på sesongen. Det er greitt å spele storkampar på skikkeleg bane og i skikkeleg ver. I november blir vanskeleg på Fosshaugane - om det ikkje blir kunstgras, seier han.

– Brann var spesielt

Sogndal berga plassen med god margin i årets sesong. Start og Sarpsborg måtte ta det tunge steget ned. Av kampane Flo hugsar best, nemner han Brann heime.

Ikkje berre på grunn av Brann-spelar Carl Erik Torp som segna om med hjartestans under kampen . Sogndal vann oppgjeret 1-0 etter scoring ved Ørjan Hopen.

– Brann heime var veldig spesielt. God stemning, og mykje som skjedde. Det var årets høgdepunkt, seier han.

Hektisk mai

Mai-månad blir hektisk mellom 13. og 28. mai. På desse dagane ventar fem kampar, før eliteserien tek pause til Fredrikstad gjestar Fosshaugane 30. juni.

Dette medverkar til at sesongen 2012 blir korta inn med nokre veker i begge endar i høve til årets sesong.

– Sesongen kunne med fordel vore korta ned litt til. April til slutten av oktober hadde vore betre. Då byrjar vi når bana er grønare, og sluttar medan bana er grønare. Nokre fleire midtvekekampar trur eg vi hadde tålt for å få ein kortare sesong, seier han.