Hopp til innhold

Bolseth rykkjer ned

Sandensaren Rune Bolseth og Hønefoss er klar for 1. divisjon etter 1-8 samanlagt mot Fredrikstad.

Det var nok få som trudde at Hønefoss skulle snu 1-4 til sin fordel og sikre kontrakten i eliteserien.

Etter torsdagens returmøte er det klart; Rune Bolseth & co må ta den tunge vegen ned i 1. divisjon. Sandensaren reiste før årets sesong frå Sogndal for å spele i eliteserien med Hønefoss.

Heimelaget Fredrikstad var minst like overlegne i målprotokollen som dei var i første oppgjer. Det enda til slutt 4-1 og 8-1 samanlagt i favør av laget frå plankebyen.

- Det er vondt å sjå, sjølvsagt er det det, sa «hønene» sin assistenttrenar Håkon Wibe-Lund til NRK i pausen. Då hadde han sett Fredrikstad vere det dominerande laget.

Fredrikstad slår dermed følgje med Sogndal og Sarpsborg 08 til nesteårs eliteserie.