"Meir offensiv enn defensiv"

Den nye trenaren i Sogndal, Jonas Olsson, meiner det defensive stempelet han har fått i media er feil.

Jonas Olsson
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det er blitt hevda at Olsson er tilhengar av ein meir defensiv måte å spele på. Dette er feil, seier han sjølv.

– Likar angrepsfotball

– Det er skapt eit bilete av meg i media, og det blir til slutt ei slags sanning som alle trur på. På botnen er eg ein positivt innstilt trenar som likar angrepsfotball og som likar å vinne fotballkampar, og det gjer ein ikkje om ein er defensivt innstilt.

LES OGSÅ: Klar for nye utfordringar i Sogndal .

- Enormt sterkt

Ut frå det han har sett av Sogndal i år har han gjort seg nokre tankar om korleis han vil vidareutvikle laget, men han har ikkje tømra fast nokon spelestil enno.

– Eg har fylgt Sogndal over ei tid og har sett dei fleste kampane. Laget har gjort det veldig bra med tanke på dei ressursane dei har i Sogndal. Det er enormt sterkt å halde seg i Tippeligaen.

– Men no kjem ein ny sesong med ein ny tropp og med meg som ny trenar, så vi får ta det litt som det kjem når vi kjem i gang i januar og sjå korleis det utviklar seg.

Harald Aabrekk fekk blomster frå supporterane

Harald Aabrekk vart takka av Saftkokaradn i siste seriekampen.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Målet er å bli betre enn i år

– Kva ambisjonar har du for Sogndal?

– Målet er at vi skal gjere det betre enn i år. Det er ei tøff målsetting med tanke på at laget har gjort det bra.

– Blir det eit meir offensivt Sogndal-lag i 2012 enn det var i år?

– Det står att å sjå, men ambisjonen min er at vi skal lage fleire mål enn det Sogndal har laga i år.

Harald Aabrekk hadde suksess med fem forsvararar, men Olsson vil ikkje ta stilling til fire eller fem i forsvarsrekkja no.

– Eg har sjølv spela med det systemet, vi får sjå, det ser ut til at vi misser nokon midtstopparar, og vi må skape vår måte å spele fotball på ut frå dei kvalitetane vi har i spelargruppa.

– Vil gjerne ha mange mål

– Er det nokon spelestil som ligg ditt hjarte nærast?

– Nei, det kan eg ikkje seie. I mi tid som trenar i IFK Göteborg og i Trollhättan har eg vore innom dei fleste spelesystema. Det heile er avhengig av kva type spelarar ein har. Utgangspunktet mitt er å vinne fotballkampar, det er det som driv meg.

– Eg er ein stor fan av å spele fotball der ein får ut det beste av kvar spelar og på den måten vinne kampar, eg er ikkje tilhengar av å halde ballen i midtsirkelen ein heil kamp, eg vil gjerne ha mange mål, men at vi likevel er kompakte i forsvarsspelet. Eg er meir offensiv enn defensiv.

Gustav Valsvik og innbyttarane til Sogndal

Olsson har tru på at Gustav Valsvik og dei andre unge i Sogndal vil ta eit steg vidare i 2012.

Foto: Rune Fossum / NRK

Har tru på dei unge spelarane

Jonas Olsson vil og vente og sjå før han tek stilling til å kjøpe inn nye spelarar.

– Vi må ha is i magen og sjå kva spelarar som eventuelt forsvinn frå Sogndal i tillegg til Mats Solheim og Isak Scheel. Det er viktig å ikkje ha det for travelt. Då kan det fort bli feil. Vi skal spele nokre kampar tidleg på sesongen, og då ser vi kjapt kva vi treng.

– Vi skal ikkje gløyme at vi har mange unge spelarar i Sogndal som har vore inne i nokre kampar i år, og som truleg får fleire neste år, kanskje nokon av dei spelar alle kampane. Det har vore eit svært utviklande år for mange av desse. Vi må først sjå på dei spelarane vi har sjølv før vi hentar inn nokon utanfrå.

Trur på godt samarbeid

Olsson kjem til Sogndal mellom jul og nyttår, og treningane startar 4. januar. Konflikten mellom Harald Aabrekk og leiinga i Sogndal Fotball har han fått med seg, men han har ikkje tenkt så mykje på saka.

– Eg er blitt møtt veldig bra av alle eg har vore i kontakt med i laget, eg har eit godt inntrykk, det er difor eg kjem til Sogndal. For min del trur eg det kjem til å fungere kjempebra, kva som har skjedd med tidlegare trenarar vil eg ikkje uttale meg om. Eg vil fokusere på det eg kan gjere noko med og vil gjere mitt til at det blir så bra som råd er.