Hopp til innhold

Har ikkje sett seg mål for årets sesong: – Har lært av fjoråret

FLORØ (NRK): Då Florø nådde målsetninga for debutsesongen i førstedivisjon midtvegs i august vart resten av sesongen ein nedtur. Det vil ikkje trenaren ha ein reprise av i år.

Terje Rognsø

HEMMELEG: Florø-trenar Terje Rognsø vil ikkje seie kva plasseringsmål laget har for deira andre sesong i førstedivisjon. For då dei nådde målet i fjor fekk laget ein tung avslutning på sesongen.

Foto: Truls Kleiven

– Vi har ikkje sett oss eit mål for sesongen enno, seier Florø-trenar Terje Rognsø, få dagar før sesongopninga mot Mjøndalen.

I fjor var målet å halda plassen i førstedivisjon, men etter 5–0 sigeren mot Mjøndalen på heimebane 16. august var det så godt som oppnådd.

Og då gjekk lufta ut av ballongen. På dei siste ti kampane vann laget berre ein kamp – den siste mot Jerv. Fem enda med tap og fire uavgjort.

Kritikk frå spelargruppa

At det gjekk så dårleg i avslutninga av førre sesong gjer at Florø-trenaren i år ikkje har sett seg eit konkret mål for kva plassering dei satsar på å oppnå denne sesongen.

– Etter at vi nådde målet lenge før slutt i fjor gjekk det dårleg, og det vart ein del kritikk frå spelargruppa. Før sesongen flagga vi høgt at målet var å etablera oss i førstedivisjon, men no skal spelargruppa få vera meir med å bestemma, seier Rognsø.

Florø Fotball, Endre Kupen

TØFFE TAK: Etter at plassen var berga gjekk Florø frå tap til tap i fjor haust.

Foto: Truls Kleiven

Det enda likevel med ein overraskande 8.-plass for laget som dei fleste ekspertane hadde tippa nord og ned. No ventar det som vert kalla for «den vanskelege andre sesongen». Opp gjennom åra har fleire nyopprykt lag klart seg i sin første sesong, før det har gått rett ned igjen på andre forsøk.

– Eg tenker ikkje så mykje på den statistikken om at det skal vera vanskeleg. Eg heldt meir fokus på kamp for kamp, seier Rognsø.

– Spelar Florø i førstedivisjon i 2019?

– Eg får vel kjeft om eg seier ja, for nokon vil meine det er for defensiv haldning. Men eg vil at vi skal vera i toppfotballen i 2019, seier han lattermildt.

Manglar framleis økonomi

Ein del endringar i spelarstallen har det blitt gjennom vinteren og det har kome inn nokre kroner frå spelarsal. Likevel er Florø framleis blant dei laga som har minst budsjett å rutta med før årets sesong.

– Vi skulle gjerne hatt meir å rutta med. Det økonomiske er ein evig kamp og prioriteringar. Hele trenarteamet og fleire av spelarane går i full jobb framleis, seier Rognsø, som sjølv har fått ansvaret for å trykka laget sine drakter før seriepremieren.

Terje Rognsø trykker drakter

SMÅ RESSURSAR: Trass i ein overbevisande sesong i førstedivisjon i fjor er det framleis små økonomiske ressursar i Florø. Dagar før serieopninga stod hovudtrenar Terje Rognsø og trykka klar drakter til sesongstarten.

Foto: Fredrik Helland / NRK

– Vi vil jo gjerne etablere oss i toppfotballen, men eg spør meg sjølv heile tida: kva kunne vi fått til med nokre millionar ekstra? Då kunne vi konkurrert meir på like vilkår med dei andre laga, legg han til.

Laster innhold, vennligst vent..