Hopp til innhold

Har ikkje regna så mykje sidan 1976

Ikkje sidan han byrja å gjere målingar i 1976 har det regna så mykje på Botnane i Bremanger. – Og trenden ser ut til å halde fram også i år, seier Rune Nordbotten.

Vêrstasjonen på Botnane

VÊRSTASJON: Den private vêrstasjonen til Rune Nordbotten er plassert etter Meteorologisk institutt sine reglar og har godkjent utstyr.

Foto: Rune Nordbotten

I 35 har Nordbotten hatt ein våt og vindfull hobby. Kvar einaste dag målar han nedbøren og vêret utanfor huset sitt på Botnane i Bremanger. Og 2011 vart eit rekordår. Aldri før har det kome så mykje nedbør her ute.

– 2011 var det våtaste året eg har målt sidan eg begynne å måle i 1976. Det spesielle var at det regna jamt og trutt, seier Nordbotten.

I løpet av dei 12 månadene har han målt 3567,7 millimeter, altså vel tre og ein halv meter ned nedbør. Det nest våtaste året var 2005, då målte Nordbotten 3509 millimeter nedbør.

Våtaste året i historia

Og resultatet er gjerne ikkje så overraskande. Aldri før har det vore registrert like mykje nedbør og så høge snittemperaturar i Norge som i 2011. Like før nyttår hadde det blitt registrert 25 prosent meir nedbør enn normalt, og aller mest hadde det kome på Brekke i Gulen.

I løpet av 2011 kom det 4295 millimeter nedbør, deretter følgjer vêrstasjonen på Takle, som ligg like i nærleiken. Der målte dei 4157 millimeter nedbør i løpet av dei 12 månadene.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frøysjøen kasta stein over fylkesveg 577 under Dagmar

DAGMAR PÅ BESØK: Uvêret natt til andre juledag trefte også Botnane. Her har Frøysjøen kasta stein over fylkesveg 577 nord for Botnane.

Foto: Rune Nordbotten

Vått forvarsel i sommar

Alt i sommar kunne Nordbotten konstatere at det låg an til eit rekordår i forhold til nedbør. I perioden frå 10. mai og fram til 26. juli hadde Nordbotten registrert 61 dagar med regn.

Sidan målingane tok til for over 30 år sidan har han aldri før hatt tre sommarmånader på rad med over 170 millimeter nedbør. Men i sommar stod rekorden for fall.

I mai kom dei 198,1 millimeter, juni følgde med 258,4 millimeter og i juli kom det 170,3 millimeter.

– Blir det ikkje betre i august, kan vi trygt slå fast at dette vert ein dårleg sommar, sa Nordbotten den gong.

Juli vart tørraste månad

Og det har ikkje akkurat blitt betre utover hausten. Nordbotten fortel om regn, regn og meir regn. Juli månad med sine vel 170 millimeter nedbør vart den tørraste månaden.

– Den gamle tørraste månaden var på 109 millimeter, så det har vore ei veldig auke i forhold til den månaden med minst nedbør i år, seier Nordbotten.

Og at det har vore eitt vått år har vore merkbart. Seinast i jula herja uvêret Dagmar på Nord-Vestlandet. Vind, men også nedbør førte til store materielle skader.

På Botnane var ikkje romjula den verste perioden, seier Nordbotten.

– No hadde ikkje vi den enorme nedbøren som til dømes i Førde, seier Nordbotten.

Våt julenatt i Førde

Og akkurat i uvêrsdøgnet i romjula var det vått i Førde. Frå kvelden 1. juledag fram til morgonen dagen etterpå vart kom det 77 millimeter regn. Det er dobbelt så mykje som i Takle, ein stad som lenge har vore kjent for sitt svært så våte klima.

Olai Tefre som driv målestasjonen på Tefre i Førde seier til avisa Firda at det meste av nedbøren kom over nokre intense timar om ettermiddagen og kvelden. Også vinden bles hardt denne kvelden. Vêrstasjonen registrerte vindstyrke på 26,8 sekundmeter, noko som svarar til full storm, skriv Firda.

Dagen etter førte store nedbørsmengder og høg vasstand til lokal flaum fleire stader i byen.

Dårlege utsikter

På Botnane ser ikkje utsiktene for året vi no går inn i svært lyse ut. Nordbotten seier trenden med vått og vilt vêr ser ut til å halde fram.

– I løpet av dei dagane vi har hatt til no har det kome nesten 80 millimeter nedbør, så trenden held nok dessverre fram.