Hopp til innhold

- Det blir vått, men ikkje ekstremt

Lokalt kan det kome opp mot 100 millimeter med nedbør på Vestlandet, men meteorologen vil likevel ikkje kalle regnvêret som er meldt ekstremt.

Store nedbørsmengder på verrader

VÅTT: At det blir eit vått døgn er heilt sikkert. Vêrradaren til YR synte like over klokka sju at det var verst i ytre strok. Slik blir det også utover dagen.

Foto: skjermdump/YR.no

Regn, regn og meir regn kan seiast å vere kortversjonen av vêrvarselet for store delar av kystnære strok på Vestlandet tysdag. Støvlar og regnklede er truleg det einaste antrekket du kan ferdast tørrskodd i, og skal du ut på vegane åtvarar NVE mot auka fare for jord- og lausmasseskred.

Men styggevêret kan likevel ikkje skildrast som noko ekstremvêr, meiner statsmeteorolog Anne Solveig Andersen ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

– Eg vil ikkje seie at det er ekstremt. Vi er vande med mykje nedbør her på Vestlandet, og det er i hovudsak i ytre og midtre strok at det kan kome mykje nedbør, seier Andersen til NRK.no.

Verst i ytre strok

Andersen påpeikar at dei store nedbørsmengdene er venta å kome ganske lokalt, og slett ikkje alle stader. Med sterk vind på sørleg retning vil ikkje den verste nedbøren nå spesielt langt inn i landet.

– No i morgontimane har det regna verst i ytre strok, og det er nok dei som vil få mest også utover dagen. Lokalt kan det kome opp mot 100 millimeter, seier Andersen.

Mellom områda som kan vente seg det våtaste vêret er Ålfotbreen i Flora, og Takle og Brekke i Gulen, opplyser Vêrvarslinga.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras i Gudvangen.

RAS: Eit stort steinras var natt til søndag nær ved å treffe ferja som låg til kai ved Gudvangen. Mykje nedbør aukar faren for slike skred dei nærmaste dagane.

Foto: Frode Leiren

Stor fare for jordras

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sendt ut varsel om fare for lokale overfløymingar, og følgjer situasjonen tett. Etter ein lengre periode med mykje nedbør og dei store nedbørsmengdene som no er varsla kan situasjonen fort bli skummel.

– Jordsmonnet er veldig metta av all nedbøren, så det er stor sjanse for at vi får utglidingar og jordras rundt om kring, seier Brigt Samdal som er seksjonssjef innan skredarbeid i NVE.

Det er spesielt i bratte skråningar at faren for jord- og lausmasseskred er stor. Samdal seier det er store krefter i sving og ber folk halde seg unna utsette område.

– I tillegg bør folk som skal ut på vegane vere forsiktige. Det kan kome ned både jord- og steinmassar, seier Samdal.

Meir ruskevêr i vente

Utsiktene for godvêr er ikkje spesielt gode med det første. Også onsdag og torsdag er det venta at himmelen opnar slusene.

– Onsdag går nedbøren over til bygevêr, så det blir ikkje snakk om 100 mm lokalt onsdag. Det blir likevel ein del regn, og det kan kome torevêr i dei bygene som kjem av regn og halg, seier Andersen.

Også torsdag blir det ruskevêr, og snøgrensa vil desse dagane ligge på om lag 400–700 meter over havet. Den vil stige ligg torsdagen. Eit lita gladmelding kan vere at fredagen førebels ser litt lysare ut.