Hopp til innhold

- Gud vil vaske oss kvar dag

Det regnar og regnar i Gulen. Brekke og Takle er dei målestasjonane i landet som har fått mest nedbør så langt i år. – Det er Gud som vil vaske oss kvar dag, forklarar KrF-ordføraren.

Hus teke av ras i Brekke.

REGN, REGN OG REGN: Etter dagar med regn fekk dette sommarhuset i Brekke store skader etter å ha blitt treft av eit ras. Regnklede har blitt nesten kvardagsantrekket for folk i kommunen skal ein tru målingane frå Meteorologisk institutt.

Foto: Gøril Sætre

Ja, det har vore vått i år. Viss du føler på det at det berre regnar, vel så har du mykje rett.

Målingar frå Meteorologisk institutt viser at det ikkje har kome meir nedbør dei første ni månadene i år enn på over 100 år.

Det einaste unntaket er 1989, då var dei første tre kvartala av året våtare, skriv Aftenposten.

– Gud vil vaske oss kvar dag

Og det er i Gulen det er verst. Samla sett har målestasjonen i Brekke til no i år fått 2738 mm nedbør, noko som er 118 prosent av normalen, skriv avisa. Nokre kilometer unna har målestasjonen på Takle blitt plaska ned med 2573 mm nedbør.

KrF-ordførar Trude Brosvik seier folk i kommunen trøyster seg med ein fin vits om det dårlege vêret.

– Gud var nemleg så nøgd etter å ha skapt Vestlandet, og såg kor fint det vart, at han bestemte seg for å vaske det kvar einaste dag, seier Brosvik til Aftenposten.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brekke

VIL HA FLEIRE SLIKE: Det er sjølvsagt også finvêrsdagar i Brekke. KrF-ordføraren hadde nok ikkje hatt noko i mot det om Gud let vere å vaske kommunen kvar einaste dag.

Foto: Ottar Starheim / NRK

No er til og med gulingane leie......

Både på Brekke og på Takle er dei vande med styggevêret, og det er nærast blitt tradisjon at dei kjem høgt på listene når det kjem til rekordmålingar for nedbør.

Etter at både våren og sommaren var klissvåt, ser det ut til at hausten blir likeins. Seinast i går vart det målt over 30 mm nedbør på målestasjonane og no er til og med folk i Gulen lei dritvêret.

– Vi hugsar det når vi ser sola, då er alle glade igjen. Eg såg sola seinast i går, sjølv om det regna noko veldig. Det er slik det er på Vestlandet, det kan vere fleire vêrtypar på ein dag. Men eg trur at folk her i Gulen føler at det har vore mykje regn no, seier KrF-ordføraren til Aftenposten.