Hopp til innhold

Jølstra gjekk likevel ikkje over sine breidder

Ein letta Førde-ordførar, Olve Grotle (H), kan konstatere at Jølstra likevel ikkje gjekk over sine breidder ved midnatt måndag.

Flaum i Førde

ENORME VASSMENGDER: Vatnet sopte med seg det det kom over, og skadeomfanget vert først klart ved dagslys.

Foto: Arne Stubhaug/NRK

Ei stund var situasjonen i Førde sentrum svært kritisk. Vasstanden i Førde sentrum var svært høg, og ein frykta ei stund kva konsekvensane ville bli når flaumen nådde sin topp rundt midnatt.

Grotle bad folk halde seg innandørs, og natt til tysdag sat han og resten av kommuneleiinga i kriseberedskap på kommunehuset.

Teknisk sjef i Førde, Bernhard Øberg, karakteriserte situasjonen ei stund som flaum og totalt kaos.

Nådde flaumtopp rundt midnatt

Etter kritiske timar kunne ein slå fast at Jølstra ikkje gjekk over sine breidder likevel.

– Vi såg at vasstanden steig, og vi frykta at elva ville gå ut over sine breidder i Førde. Vi var spente på kva som ville skje når vasstanden nådde toppen rundt midnatt, seier Grotle.

– Samtidig har vi hatt mange hendingar i går kveld som vi i dag vil få nærare innsyn i detaljane av, seier Grotle.

Får ikkje oversikt før utpå dagen

Kommunen har fått melding om mange oversvømmelsar, og Grotle legg ikkje skjul på at det vil ta nok tid å få oversikt over skadeomfanget både i kommunale og privatbustader.

– Det totale omfanget får vi nok meir oversikt over i dag når dagslyset kjem på plass, seier Grotle.