Hopp til innhold

Har hatt 61 nedbørsdagar sidan mai

På Botnane i Bremanger har dei hatt 61 dagar med regn berre sidan 10. mai...

Regndråper på et vindu

VÅTT, VÅTT, VÅTT: Dei fleste er nok samde om at sommaren til no har vore av det våte slaget. Det stadfestar også nedbørsmengdene i Bremanger.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

– Det var fint og til dels varmt i delar av april og fram til 9. mai. Men etterpå har det vore lite samanhengande godvêr. Frå 10. mai og fram til 26. juli har eg notert 19 dagar med opplett - og 61 dagar med regn, seier Rune Nordbotten til Firdaposten.

Så mykje regn har det komme

På garden sin i Botnane i Bremanger har han drive privat målestasjon sidan 1976.

I heile denne perioden har han aldri hatt tre sommarmånader på rad med over 170 millimeter nedbør. Heilt fram til i år:

  • I mai kom det 198,1 millimeter nedbør
  • I juni kom det 258,4 millimeter nedbør
  • I juli kom det 170,3 millimeter nedbør

– Blir det ikkje betre i august, kan vi trygt slå fast at dette vert ein dårleg somar, seier Nordbotten til Firdaposten.

Våtare enn den store regnsommaren...

Mange synest nok at sommaren i Sogn og Fjordane til no har vore av det våtare slaget. Det stadfestar også statistikken frå målestasjonen til Nordbotten.

Her har det til saman komme 626,8 millimeter nedbør.

– Sjølv ikkje regnsommaren 2005 nådde opp i 600 millimeter, seier Nordbotten.

LES OGSÅ:

Dei store nedbørsmengdene er likevel ikkje månadsrekordar isolert sett.

Men dagane 28. og 29. juni kom det til saman 150 millimeter - det er rekord for to døgn for målestasjonen sidan oppstarten i 1976.