Hopp til innhold

Sjåførar manglar kurs - Vegvesenet må stadig ty til politimeldingar

Alle yrkessjåførar som skal køyre buss eller lastebil må no ha ei obligatorisk etterutdanning. Men mange sjåførar tek ikkje kurset innan fristen. I det siste har Vegvesenet stogga stadig fleire utan, resultatet blir eit politisak.

Skilt som varslar kontroll av tunge køyrety

STOGGA UTAN RETT KURS: Sjåførar som blir stogga for kontroll og ikkje har teke kurs innan fristen blir politimelde. Fleire sjåførar har allereie blitt politimelde for dette ved kontrollstasjonen på Håbakken i Lærdal.

Foto: Anna Gytri / NRK

Senioringeniør Tore Eikeland i Statens vegvesen region Vest, meiner det er beklageleg at mange blir stogga utan den såkalla kode 95 på førarkortet.

– Det aukar på med fleire og fleire som ikkje har denne koden. Vi skulle helst sett at alle hadde det på plass.

– Det er veldig synd at vi må politimelde føraren. Konsekvensen om han ikkje har fått seg plass på kurs blir at sjåføren kan risikere å gå fleire månader utan inntekt, seier Eikeland til NRK.no.

Må ty til politimeldingar

Det er ikkje lenger nok å berre ta lappen på vogntog eller buss, for så å legge ut på vegen. I 2008 og 2009 vart det innført krav om regelmessig etterutdanning kvart femte år, dette er eit felles krav i heile Europa.

I tida framover er det stadig fleire sjåførar som må på eit slikt kurs for første gong. Dei første kursa starta opp i 2011 for bussjåførar og 2012 for lastebilsjåførar.

Men ikkje alle veit at dei må ha eit slikt kurs. Vegvesenet har i det siste stadig oftare stogga yrkessjåførar som ikkje har bevis på at dei har gjennomført eit slikt etterutdanningskurs.

Tore Eikeland i region Vest seier det har blitt mange politimeldingar etter kontrollar i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Vi har nesten dagleg sjåførar som ikkje har kode 95 i førarkortet.

– Reaksjonen blir ei politimelding, det er ein veldig kraftig reaksjon, seier han og håpar at fleire blir merksame på reglane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tore Eikeland

SYND: Tore Eikeland i Vegvesenet skulle helst sett at dei ikkje møtte på sjåførar som ikkje hadde kurset det er krav om.

Foto: Anna Gytri / NRK

Kan måtte gå lenge utan arbeid

Nyleg stogga dei ein sjåfør med 25 års fartstid i yrket. Men fordi han ikkje hadde gjennomført etterutdanningskurs innan fristen kan han risikere å gå lenge utan arbeid.

– Han må vente fire månader for å kome seg på kurs, det synest vi er for lenge, seier Eikeland.

Vegvesenet oppmodar sjåførane til å vere tidleg ute med å bestille seg plass på kurs, og seier dei får tilbakemeldingar på at det er ventetid fleire plassar.

– På vegvesenet sine sider finn dei informasjon om kursplassane i kvart fylke.

Dette må dei repetere

Yrkessjåførbeviset er etter dei nye krava altså gyldig i fem år. Før sjåførane kan få fornya beviset må dei gjennom eit kurs på 35 timar, og slik får dei den såkalla kode 95 på førarkortet sitt.

Det viktigaste med denne etterutdanninga er ifølgje Vegvesenet omsynet til tryggleiken på vegen.

– Kurset går på ting som aktuelle lover, førstehjelp og ulukkesberedskap, det går på service og kundehandsaming, arbeidsmiljø, ergonomi, helse og ernæring, sikring av last, og generelt dette med trafikktryggleik, seier Eikeland for å nemne noko.

– Dei store selskapa har kontroll, men...

Men det viser seg at altså dei nye reglane er ukjende for mange sjåførar og transportfirma.

Reidun Lanne som er rådgjevar i Statens vegvesen region Vest, seier dei blir kontakta av fleire som er usikre.

– Dei store busselskapa og transportselskapa har god kontroll på dette, men vi har inntrykk av at dei mindre selskapa er ukjende med krava, seier Lanne til NRK.no.

  • Les meir om kurset på Vegvesenet sine sider her og her

(Artikkelen held fram under biletet)

Geir A. Mo testar ut lastebilsimulatoren

FOR MYKJE ROT: Geir A. Mo i Norges Lastebileigarforbund meiner informasjonen Vegvesenet har på sine heimesider er for dårleg.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Altfor mykje rot

Administrerande direktør Geir A. Mo i Norges Lastebileigarforbund seier dei blir kontakta av mange medlemmer som har problem med dette.

– Det våre medlemsbedrifter fortel oss er at dette dessverre har vore prega av altfor mykje rot, seier Mo.

Han viser mellom anna til medlemmene opplever at informasjonen på Vegvesenet sine sider har vore feilaktig og vanskeleg tilgjengeleg.

– Eg meiner dei har eit stort ansvar for at informasjonen om dette er god nok og rett. Det første dei kan starte med er å gjere dette endå tydelegare på Vegvesenet sine nettsider, seier Mo.

Etterlyser fleksibilitet

Mo er samd med Vegvesenet i at det er beklageleg at stadig fleire sjåførar blir stogga utan den rette yrkessjåførkompetansen.

– Dette er ei lov som skal følgjast, og til sjuande og sist er det sjåføren som har ansvar for dette.

– Men eg meiner ein må bør vise litt fleksibilitet i oppstartsfasen, slik vi er i no, seier Mo.

– Ta kontakt på telefon

Rådgjevar i Vegvesenet, Reidun Lanne, forstår at det kan vere vanskeleg for sjåførane å setje seg inn i reglane. Spesielt når mange ikkje veit at reglane finst i det heile.

Også kor tid den enkelte sjåfør må ta kurset kan vere vanskeleg å setje seg inn i. Ho meiner det finst mykje nyttig informasjon på nettsidene til Vegvesenet, men seier det enklaste og beste for å få heilt korrekt informasjon er å ringe.

– Det beste er å ta kontakt direkte med ein av vegvesenet sine trafikkstasjonar på telefon 02030, seier Lanne.