Hopp til innhold

Vil ha betre veg før ferjefri E39

Vegane mellom ferjene bør prioriterast før ferjefri E39. Det meiner administrerande direktør i Norges Lastebileigarforbund, Geir A. Mo.

Geir A. Mo

VEG FØR FERJEFRI E39: Geir A. Mo som er admnistrerande direktør i Norges Lastebileigarforbund vil heller ha betre veg mellom ferjene på E39 enn ferjefrie fjordkryssingar.

Foto: Anna Gytri / NRK

I går var han i Sogn og Fjordane for å møte lokale medlemmer av forbundet. Ei viktig sak for yrkessjåførane er naturleg nok gode vegar og langs kysten av Vestlandet er E39 ei viktig fartsåre for næringa.

Mo meiner ein heilt klart burde prioritere vegen mellom ferjene før ein brukar millionar på utgreiing av ferjefrie fjordkryssingar.

– Vi har sagt det lenge no, dei kan byggje ut vegen mellom fjordane først. Når dei har gjort det kan dei konsentrere seg om korleis dei skal komme seg over eller under fjordane, seier han.

Bruker 39 millionar på planane

Vegvesenet jobbar no med å finne ut kva ein ferjefri kyststamveg mellom Kristiansand og Trondheim vil ha å seie for næringslivet og dei som bur og arbeider i området.

Dei skal også greie ut og vurdere korleis dei skal greie å krysse fjordane, og arbeidsgruppa har allereie lagt fram planar som viser at det er teknisk mogleg å krysse alle fjordane langs E39 med faste brusamband.

Totalbudsjettet for utgreiingsplanane er ifølgje prosjektleiar Olav Ellevset på 39,6 millionar kroner delt over tre år.

Geir A. Mo som er administrerande direktør i Norges Lastebileigarforbund reagerer på pengebruken.

– Det er heilt meiningslaust å bruke millionar av kroner på å greie ut det eine luftige fjordkryssingsprosjektet etter det andre, medan vegen på kvar side er så elendig at det nesten ikkje går an å ta seg fram, seier han til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ferjefri E39

MOGLEG: Vegvesenet har allereie funne ut at det er teknisk mogleg å krysse alle fjordane langs E39 der det i dag går ferje.

Foto: Frå presentasjonen til fylkeskommunane

– Det provoserer meg faktisk litt

Mo meiner ein i staden bør prioritere å få gul stripe på vegane mellom fjordane og få på plass ferjer kvar 20. minutt.

– Då har dei nok å gjere på i mange år framover, seier Mo.

– Blir du provosert over at dei brukar mange millionar på desse utgreiingsplanane for ferjefri kryssing av fjordane?

– Ja, det provoserer meg faktisk litt.

– Ein kan køyre E39 og sjå kor elendig vegen er på store delar av strekninga, særleg gjennom Sogn og Fjordane, men også i Hordaland og Møre og Romsdal.

– Så høyrer ein om det eine luftige prosjektet etter det andre der dei sit og skal lage verdsrekord i fjordkryssingar. Men dei har nesten ikkje ein plan for korleis dei skal få vegane mellom ferjene til å fungere, seier Mo.

Prosjektleiar usamd

Ellevset på si side meiner utgreiingsplanane for ferjefrie fjordkryssingar er vel bruke pengar.

– Dette er ei bestilling frå departementet og det er for å vurdere ein langsiktig effekt av å gjere E39 ferjefri. Det inneber utvikling av teknologi, og det å sjå på samfunnseffektar.

– Dette trur eg er vel bruke pengar når vi ser kva politisk interesse dette har fått.

I ein statusrapport som vart lagt fram i byrjinga av januar kom det fram at utbygginga av ferjefri E39 mellom Kristiansand og Trondheim kan byggjast ferdig på 20 år, om den blir gjennomført samla.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gigantbruer på E39

BRUER: Vegvesenet seier dei må sprenge grenser for bruteknologien som finst i dag om dei skal greie krysse fjordane langs E39 mellom Trondheim og Kristiansund.

Trur vegane blir betre dei neste åra

Ei samla investering på rundt 100 milliardar kroner i ferjefritt E39 vil kunne korte ned køyretida mellom Trondheim og Kristiansand frå 20 til 13 timar.

– Trur du vegane mellom ferjene vil vere av ein betre standard når utbygginga av desse ferjefrie fjordkryssingane tek til ein gong i framtida?

– Det trur eg nok. I løpet av dei neste tiåra vil det nok skje veldig mykje på vegstandarden.

– Dessutan er det slik at om det ikkje har skjedd, så er det innbakt i prosjektet ei opprusting av dei vegstrekningane som i dag har får dårleg standard, seier Ellevset.