Hopp til innhold

Har førebels ikkje påvist fleire tilfelle av CWD

Ingen av prøvene frå villrein skote under jakta i Lærdalsfjella har til no synt spor av den dødelege sjukdomen Chronic Wasting Disease (CWD). Heller ikkje andre stader i landet er det blitt påvist nye sjukdomstilfelle.

Reinsdyr

USIKKER FRAMTID: Akkurat no går det føre seg ei storstila prøvetaking av blant anna rein. Dette er for å finne ut kor stort omfanget er av CWD-smitte på norske hjortedyr.

Foto: Jan Christian Jerving

Det var Porten.no, og seinare Sogn Avis, som først omtalte at dei første prøvene som er analysert etter prøvetakinga i Nordfjella, er negative.

Av vel 90 prøver frå innleverte reinsdyrhovud, har dei 88 som er analysert ikkje vist teikn til den sjeldne sjukdommen, det får NRK opplyst.

Kåre Rudningen er talsmann for villreinutvalet i Nordfjella.

– Ei kvar negativ prøve er positivt. Dette ser bra ut, og det ser iallfall ikkje ut til at vi har mange prosjekt med sjuke dyr, seier han til NRK.no.

Kan få dramatiske følgjer

I vår vart hjernesjukdomen Chronic Wasting Disease (CWD) påvist på ei død reinsimle i Lærdalsfjella. I mai vart det påvist det same på to elgar i Trøndelag. Tidlegare er sjukdomen berre kjent frå USA og Kanada.

Sjukdommen kan lettast samanliknast med skrapesjuke hos sau eller kugalskap. Forskarar fryktar for framtida til hjortedyra om CWD har spreidd seg.

Kåre Rudningen

TA KONTAKT: Kåre Rudningen er talsmann for villreinutvalet i Nordfjella. Han ber jegerar som ser dyr som kan vere sjuke om å varsle Statens naturoppsyn. Dersom jegerar går på lovleg jaktgrunn og har lovleg løyve til å felle dyret, kan dei også gjere det. Dersom dyret er smitta av CWD vil det bli definert som fallvilt, og jegeren vil då ikkje få dette belasta på sin kvote, seier Rudningen.

Foto: Jan Christian Jerving

Samarbeider med jegerane

I håp om å finne ut kor utbreidd sjukdommen er i Norge har styresmaktene gått saman med jegarane under årets haustjakt.

Jegerane blir bedne om å levere inn hovuda på hjortedyra, og prøvene blir sende inn til analyse. Totalt håpar Mattilsynet at 15.000 hjortedyr blir testa i år.

I Lærdal er det mål om at det skal takast minst 400 prøver under villreinjakta i Nordfjella.

– Eg er mektig imponert over det jegerane har gjort til no, seier Rudningen som seier oppmodinga blir følgd.

Skrantesjuke

Chronic Wasting Disease (CWD) har i Norge no fått namnet skrantesjuke. Typiske teikn på at eit dyr er sjukt kan vere at dyret: er mindre sky, blind, høyrer dårleg og har dårleg luktesans. Dyret kan også vise teikn til å vere ustø, sikle og urinere mykje, seier Rudningen.

Med bakgrunn i råd frå Folkehelseinstituttet og Veterinærinstituttet har Mattilsynet valt ei aktiv føre-var-haldning knytt til kjøt frå dyr som testar positivt på sjukdomen. For å vere på den sikre sida vil det ikkje bli godkjent at kjøt frå dyr som testar positivt skal etast.

I den storstila prøvetakinga har det til no ikkje blitt påvist nye sjukdomstilfelle, ifølgje Mattilsynet.

Trur det vil bli påvist smitte

I Lærdal vel Kåre Rudningen i villreinutvalet å vere positiv, men realistisk.

– Sjukdommen vart påvist på eit dyr i Nordfjella i vår. Det ville vere rart om vi greier ta ut 400 prøver utan å få nokon positive. Det er for godt til å håpe at er sant. Men vi skal halde på, og så må vi sjå kva som skjer, seier han.