NRK Meny
Normal

Har du prøvd å piffe opp grauten med chili eller lakrissukker

ÅRDALSTANGEN (NRK) Trudde du graut var kjedeleg? Det meiner ikkje Hanne Stedje. Ho piffar opp grauten på alle tenkjelege og utenkjelege måtar med ingrediensar som chili, appelsin, sjokolade og graskarfrø.

Graut uten grenser

GRAUT ER IKKJE BERRE GRAUT: Kva seier du til dømes til graut med lakris og banan, eller omnsbakt gulrotkakegraut?

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– Det heile byrja fordi eg hadde ungar som var litt kresne. Dei åt mykje babygraut då dei var små. Den var laga av pulver blanda med vatn. Då tenkte eg at dette må eg no kunne laga like godt sjølv, seier Hanne Stedje.

Som tenkt så gjort. Men for å gjere det litt meir spanande for den vaksne delen av familien byrja ho å sjå seg om etter litt meir spreke oppskrifter.

– Så kom eg over ei bok av den danske forfattaren Lasse Skjønning Andersen som heiter «Grød», seie Stedje.

«Grillpølse-teorien»

Skjønning Andersen er å rekne som ein grautguru, og har eigen grautbar i København. Den 27 år gamle dansken jobbar litt ut ifrå «grillpølse-teorien» noko som også fasinerte Stedje.

Hanne Stedje

GRAUTKOKK: Hanne Stedje har grautoppskrifter som passar til frukost, middag og dessert

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– Tenk deg at den litt feite salta grauten er grillpølsa. På ei pølse har du gjerne tilbehøyr som ketsjup, sennep, sylteagurk og løk. Slik er det med grauten også, seier Stedje.

Og i grauten til Stedje kan du finne eksotiske ingrediensar som chili, appelsin, sjokolade og graskarfrø.

Graut uten grenser

GRAUT UTAN GRENSER: Graut med bann, lakrissukker og valnøtter.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Frukost og dessert

For Hanne Stedje er ikkje graut noko ein berre et til frukost. Det kan gjerne vere middag eller dessert.

– Ein av mine favorittar er graut med banan og lakrissukker. Der har du igjen «grillpølse-teorien» med ei blanding av salt og søtt, og sprø valnøtter på toppen.

Ein av frukostfavorittane er «draumegraut» med blant anna havregryn, kokos og sitronskal

– Den lar eg stå og godgjere seg i kjøleskapet over natta, seier Stedje.