Hopp til innhold

Har brukt fem millionar på det største orgelet mellom Bergen og Ålesund

SOGNDAL (NRK): Stedje kyrkje i Sogndal har brukt fem millionar kroner på det nye orgelet sitt. Mannen som innvia det er til vanleg organist i Notre Dame i Paris.

Orgelet i Stedje Kyrkje

FEM MILLIONAR: Det nye orgelet i Stedje kyrkje kostar fem millionar kroner og tok fire år å byggje.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Torsdag kveld vart det nye orgelet til Stedje kyrkje i Sogndal innvia med ein konsert av den verdskjende organisten Olivier Latry. Han fortel at det alltid er ei spesiell oppleving å spele på eit nytt instrument.

Olivier Latry

VERDSKJEND ORGANIST: Olivier Latry spelar til vanleg i Notre Dame i Paris.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Kvar gong eg spelar på eit nytt instrument er det eit nytt eventyr. Det er som å møte eit nytt menneske, og forsøke å finne ut kva karakter det mennesket har, seier organisten.

Det å få lov til å spele på eit nytt instrument var ein viktig del av grunnen til at Latry takka ja då han vart invitert til Sogndal, men også staden har gjort inntrykk på han.

– Det er viktig for meg å møte nye instrument. Eg er også glad for at eg har fått sett Sogndal. Eg har aldri vore i denne delen av Noreg før, og Sogndal er ein vakker stad, seier han.

– Eit tungt løft økonomisk

Orgelet har kosta fem millionar kroner, og teke fire år å byggje. Kantor i Stedje kyrkje Arild Slinde vedgår at orgelet har kosta mykje, men ser likevel på det som ei god investering.

Arild Slinde

VERD PENGANE: Kantor Arild Slinde trur kyrkja kjem til å få mange gode opplevingar med det nye orgelet.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Å ha eit instrument som gjev desse moglegheitene vil gje folk ei mykje betre oppleving. Det er eit veldig tungt løft økonomisk, men eg trur vi kjem til å ha veldig mykje igjen for det, seier Slinde.

Organisten meiner på si side at det ikkje kan setjast nokon pris på opplevingane eit orgel som dette kan gje.

– Folk treng gode ting i livet. Eit slikt orgel er eit kunstverk, i tillegg til å vere eit instrument for kyrkja, som kan knyte menneske til ein annan dimensjon. Det går det ikkje an å setje nokon pris på.

– Høyrest ut som det er frå 1800-talet

Latry kan også fortelje at ein får god lyd når ein betalar fem millionar for eit orgel.

– Vanlegvis kan ein høyre at eit orgel er nytt, men dette orgelet høyrest ut som det kjem frå 1800-talet. Det viser kor dyktig han som har bygd det er, seier organisten.

Når ein vanlegvis held til i Notre Dame kan det vere ein stor overgang å kome til ei lita kyrkje i Sogn og Fjordane. Latry fortel at han alltid må tilpasse spelinga si etter omgjevnadane.

– Notre Dame er ei stor steinkyrkje der det vert mykje etterklang. I ei lita trekyrkje som dette er det nesten ikkje etterklang, og det er organisten sin jobb å tilpasse spelinga si til akustikken i kyrkja, seier han.