Hopp til innhold

Har brukt 1,5 milliardar på å lokke turistar

STRYN (NRK): Reiselivsrekordar står for fall over heile landet denne sesongen. Bak auken ligg ei stor satsing på marknadsføring.

Familien Munster

NOREGSFERIE: Familien Munster har besøkt Oslo og Geiranger, no planlegg dei ein vandretur på Jostedalsbreen. Frå venstre Luc, Juliette, Teos, Valerie og Fleur.

Foto: Silje Guddal / NRK

Sidan 2013 er over 1,5 milliardar kroner er brukt på å lokke utanlandske turistar til Norge.

Familien Munster er ein av svært mange utanlandske turistar som valde Norge og Vestlandet som reisemål i år. Det var eit gammalt ønskje å besøke Norge, men dei har sett marknadsføringa også.

– Bilete av fjordane og fjella, fortel pappa Luc Munster, før han vert avbroten.

– Og den berømte Preikestolen, skyt yngste dotter Fleur inn.

– Vi har sett marknadsføring på fjernsyn og i magasin, vi har sett mykje av det, seier Munster.

Dei starta ferien med å ta ferje inn Oslofjorden, før turen gjekk vestover.

Ei milliardsatsing

Over 1,5 milliardar kroner er brukt på å marknadsføre Norge i utlandet dei siste 5 åra. Det syner tal frå Innovasjon Norge. Dei har brukt over 1,1 milliard kroner. Reiselivsnæringa sjølv har brukt om lag ein halv milliard kroner.

– Vi ser at når norsk reiselivsnæring samlar seg og gjer felles marknadsføringstiltak, så gjev det effektar, seier direktør for berekraftig reiseliv i Innovasjon Norge, Audun Pettersen.

Som døme på at marknadsføring løner seg, viser Pettersen til satsinga på USA i etterkant av disneyfilmen Frost, der norsk natur og fjordhesten var sentral.

– Vi kom på kartet til dei amerikanske turoperatørane, og såg ei sterk auke i amerikanske gjestedøgn i åra som gjekk etterpå. Denne auken har halde fram etter dette, seier Pettersen.

Fleire faktorar

Kristian Jørgensen

SJUANDE ÅRET MED VEKST: Direktør i Fjord Norge, Kristian Jørgensen, meiner reiselivet no har etablert seg som ei viktig næring på Vestlandet.

Foto: PRIVAT

Marknadsføringa av Norge har fått god hjelp frå mellom anna ei svak krone, fleire flyruter og eit Europa som opplever mange terroraksjonar.

Direktør i Fjord Norge, Kristian Jørgensen, er ikkje i tvil om at dei store summane som er brukt, har hatt effekt.

– Marknadsføringa er ein veldig viktig faktor. Kronekurs spelar definitivt ei rolle, men husk at vi har hatt vekst sidan 2010, seier Jørgensen.

Ingrid og John Roger Meland

KNUSAR REKORDAR: Aldri før har ekteparet Ingrid og John Roger Meland hatt fleire gjester enn i sommar.

Foto: Silje Guddal / NRK

Knuser årsgamal rekord

Ved Strynsvatn Camping vil tilstrøyminga av turistar ingen ende ta. Campingplassen knuste alle rekordar i fjor. I år har dei auka ytterlegare 10 prosent.

– Det ganske hektisk, ler eigar John Roger Meland.

Sjølv om han ser at eit godt rykte og sosiale medium spelar ei stadig større rolle, meiner han marknadsføringa mot utlandet syner att.

– Ja, viss vi ser på tal gjestedøgn har det heilt sikkert hatt ein effekt. Både vi og dei fleste som driv med overnatting i Norge har vel opplevd ein auke siste åra, seier Meland.