Hopp til innhold

Førebur storinnrykk av Disney-turistar

Nær 50 cruise-turistar frå USA kjem i morgon på det første besøket til Norsk Fjordhestsenter på Eid etter at Disney-filmen Frost sette nasjonalikonet i søkjelyset.

Nær 50 cruise-turistar kjem i morgon på det aller første besøket til Norsk Fjordhestsenter på Eid etter at Disney-filmen Frost sette fjordhesten i søkjelyset.

DISNEY-FEBER: Storfilmen Frost har skapt fornya merksemd rundt fjordhesten. I morgon kjem dei første amerikanske turistane på besøk til Asle Espe på Norsk Fjordhestsenter på Eid.

Om turoperatørane vel å legge fjordhestsenteret inn som ein fast post på programmet avheng mykje av kor vellykka besøket blir.

– Om vi får aksept for konseptet, så håpar vi at fleire bussgrupper og cruiseturistar kjem innom. Turisme er òg fin marknadsføring av fjordhesten. Å vise fram flotte fjordhestar til turistane er ei av oppgåvene våre, seier Asle Espe ved Norsk Fjordhestsenter.

Hestane får ein siste finpuss

Sølvi, Runar og Major er berre nokre av fjordhestane som no vert strigla og finpussa før turistar frå cruiseskipet Disney-Magic kjem i morgon.

– Det er om å gjere å rydde så godt som mogleg, få hestane til å bli freshe og fine og få det til å sjå litt innbydande ut, seier sommarhjelp Hilde Kristin Strandos.

Perfekt sommarjobb

GLER SEG: Helene Tynes Farstad og Hilde Kristin Strandos meiner dei har funne den perfekte sommarjobben. No jobbar dei med å strigle hestane slik at alt er klart til den store dagen.

Foto: Silje Guddal / NRK

Gruppa som kjem vil få guida tur på senteret, det blir oppvising med hoppande føl, hest og vogn og dei modigaste vil få sjansen til å ride hestane sjølve. Etterpå vankar det mat og drikke, samt det obligatoriske suvenirsalet.

– Vi trur det er veldig viktig for det nasjonale senteret at vi kan tene litt på dette, slik at vi har aktivitet her gjennom sommaren, seier Asle Espe.

– Enkel å dra kjensel på

Han er glad for at fjordhesten har fått fornya merksemd i kjølvatnet av den populære Disney-filmen. Han er ikkje redd for at dei amerikanske turistane skal bli skuffa når dei får sjå den ekte utgåva av teiknefilmhelten dei kjenner frå kinolerretet.

– Fjordhesten er unik i utsjånad. Han har spesielle fargar og er enkel å dra kjensel på, seier Espe.

Han innrømmer at dei har litt nervar før storinnrykket. Men slik må det vere.

– Eg trur vi har det meste under kontroll, seier Espe.