Hopp til innhold

Fleire satsar på opplevingar

FJÆRLAND (NRK): Turistane vil ha opplevingar og aktivitetar. Dei siste åra har det vore ei dobling i talet på bedrifter som satsar på dette i Sogn og Fjordane, også i resten av landet veks næringa.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar

– Tidlegare år har eg teke unna etterspørselen i bygda mi sjølv, men i år har eg fått inn hjelp. No er vi fire som guidar og vi har nok å gjere alle saman.

Gaute Dvergsdal Bøyum har drive Fjærland Guiding sidan 2011. Han har aldri hatt så mykje å gjere som no. Nesten kvar dag gjennom heile sommaren, tek han med seg turistar på fjelltur eller brevandring.

– Når dei kjem opp og ser breen har dei ikkje ord. Dei står nesten og stammar når dei ser isen velte mot dei. Mange seier at dei aldri ville gått opp dit utan guide, fortel Bøyum.

Vekst i heile landet

Marknaden for opplevingsturisme er stadig aukande, og det har ført til at mange fleire bedrifter og personar kan livnære seg av dette.

Gaute Dvergsdal Bøyum

TURGUIDE: Gaute Dvergsdal Bøyum har drive Fjærland Guiding sidan 2011.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Sidan 2009 har talet på nyetablerte bedrifter som tilbyr opplevingar til turistane dobla seg. Talet har stige jamt og dei siste åra har eit tjuetals nye bedrifter kome til kvart år.

Halvor Flatland er leiar i Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane. Han er svært nøgd med tala.

– Mange av desse er små bedrifter, med kanskje ein til tre personar. Det er dei mange små som til saman blir store, seier Flatland.

Trenden er den same over heile landet ifølge Audun Pettersen, som er direktør for berekraftig reiseliv i Innovasjon Norge.

2016 var eit rekordår målt i talet på lån og tilskot til reiselivsnæringa, og vi ser tendensen at opplevingsbaserte reiselivsprodukt er i auke, skriv han i ein e-post til NRK.

Han meiner at ein av årsakene er at trenden har gått frå «å sjå på til å gjere», noko som gjev auka etterspørsel etter denne type produkt.

Bevisst satsing

Halvor Flatland, direktør Innovasjon Norge

INNOVASJON NOREG: Halvor Flatland er glad for å sjå ein slik vekst.

Foto: Sigrid Skjerdal/NRK

Flatland meiner veksten i Sogn og Fjordane skuldast politiske vedtak, og trekk fram fylkeskommunen sin reiselivsplan frå 2010.

– I reiselivsplanen så står det at vi skal levere berekraftige opplevingar i verdsklasse, seier han.

Fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim, er einig i at reiselivsplanen kan vere ein av årsakene til auken.

– Det er ei bevisst satsing frå vår side, men trenden er og slik at fleire spør etter desse tenestene. Så det er litt dyktigheit og litt hell, seier Heggheim.