Hopp til innhold

Har bestemt seg for kraftlinetrasé

I dag kom departementet si avgjerd om to parsellar av den store 420 kW-kraftlinja frå Sogndal til Ørskog. Dei fysiske inngrepa startar om kort tid.

Eli Blakstad presenterer

Statssekretær Eli Blakstad (t.v.) i olje- og energidepartementet presenterte i dag trasévala for den nye 420 kW-kraftlina.

Foto: Steinar Lote / NRK

Departementet har vedteke parsellen Sogndal - Moskog og Hundvik - Ørsta.

Både Sogndal, Gaular og Eid fekk gjennomslag med sine protestar etter NVE sine traseval.

- Eg er glad for at ein har lagt til grunn lokaldemokratiet, det kommunestyret og fylkesutvalet seier. Det fortel meg at når det gjeld å påverke traséalternativ, så hjelper det faktisk å gjere ein jobb i kommunane. I alle fall for å redusere verknadane av ei kraftline, seier ordførar i Gaular, Jenny Følling.

Slik linja frå Sogndal til Moskog.

VEDTEKE: Slik skal den nye kraftlinja frå Sogndal til Ørskog gå i Sogn.

Foto: OED

Fekk gjennomslag

Sogndal får gjennomslag for at ein omstridd anleggsveg skal gå gjennom Øvstedalen. Når lina så kjem til Høyanger og skal vidare til Moskog, får Gaular gjennomslag for ei line lenger vest enn NVE ville ha.

Statssekretær Eli Blakstad i Olje- og energidepartementet vitja i dag Gaular for å fortelje om parsellane. Joar Aarnes var ikkje like nøgd som Følling med trasévalet. Han får lina kring 400 meter frå seg.

- I utgangspunktet hadde ein håpa at fleire trasear vart vurderte, sjøkabel og andre løysingar, men det vann ein aldri fram med, seier han.

- Ingen kompensasjon

Medan departementet i dag avgjorde parsellane i Sogn til Moskog, og frå Nordfjord til Sunnmøre, er parsellen gjennom Sunnfjord utsett. Her er mellom anna lineføringa gjennom Naustdal omstridd.

I slutten av janaur sa olje- og energiministeren at det var uaktuelt å endre trasé forbi Eid . Og at protestane frå kommunen kom for seint inn i prosessen. At endringa no kom blir av enkelte sett på som kompensasjon for sjukehusnederlaget.

- Det vil eg ikkje seie at det er. Her har vi vurdert den viktige kraftlinjetraseen mellom Sogndal og Ørskog som er viktig for heile Norge. Dette området skal ta ei belasnting for at heile Midt-Norge og Norge skal vere sikra straum framover, seier Blakstad.

37 mill. dyrare

Løysinga i Eid medfører ei seks kilometer lang sløyfe rundt Eid. Prislappen er 37 millionar kroner.

- Vi meiner det er ei klok løysing, seier Blakstad.

Sjølv om kommunane er høyrde i spørsmål om lineval, har dei ikkje fått noko signal om økonomisk kompensasjon for lina. Den vil fleire stadar gå gjennom område med ulike grader av vern.

Vurderer erstatning

- Gaular kommunestyret har spelt inn at når ein byggjer i verna område, så må storsamfunnet få erstatning. Ingenting er med no, men eg håpar det kjemp å plass i nettmeldinga, seier ordførar Følling i Gaular.

- Hardanger fekk erstatning, og det var det Statnett som tok inn i sitt budsjett. OED har ikkje lovheimel til å drøfte erstatning i samband med linetrasear, men dette er eit av tinga vi vil drøfte i samband med nettmeldinga, svarar Blakstad.

Etter avgjerda i dag startar arbeidet med dei to delane av lina i løpet av kort tid. Departementet reknar med å ha avgjerd om resten av lina klar i løpet av året.

Her går linja frå Nordfjord til Sunnmøre.

VEDTEKE: Slik går linja frå Hundvik til Ørskog.

Foto: OED