Hopp til innhold

- Blir overkøyrde av styresmaktene

Grunneigarar i Ålfoten fekk ikkje bygge fire meter brei skogsveg. No har Statnett fått konsesjon på å bygge ei 40 meter brei kraftgate.

Grunneigarar i Ålfoten

Grunneigarane i Ålfoten i Bremanger fekk nei til ein fire meter brei skogsveg i Førdedalen. Undringa er difor stor over at staten får konsesjon på ei 40 meter brei kraftgate.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

- Det er eitt regelverk for grunneigarar, og eit regelverk for staten. Vi blir overkøyrde frå A til Å. Kva skal vi gjere? Det er eit spørsmål eg ikkje veit svaret på, konstaterer ein oppgitt Terje Førde.

Misser all respekt

For bygdefolk i Ålfoten i Bremanger vart for få år sidan nekta av staten å bygge ein fire meter brei skogsveg fordi Førdedalen må vernast. Inngrepet vart for Fylkesmannen eit for veldig naturinngrep.

Men då staten kom på bana med planar om ei 40 meter brei kraftgate på den same strekka, fekk pipa ein heilt annan låt.

- Vi misser all respekt for dei som styrer dette opplegget, seier Sigmund Midthjell og meiner staten overkøyrer bygda.

- Her blir ein grilla

Området blir brukt til jakt og turar av folk frå heile distriktet. Bak dei stupbratte fjelltoppane ligg Ålfotbreen og den mektige Gjegnen. Men ved badekulpen nede i dalen vil det om få år kome ei stor kraftmast på stranda.

Vatn i Ålfoten

Her vil det om kort tid kome ei høg mast. Då blir det slutt på badinga.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Når mastene er på plass, blir det slutt på badinga.

- Her er merka mastepunkt, så her blir ein badande under bestråling. Så her blir ein grilla, seier Førde.

Kunne ikkje svare

Den omstridde kraftlina er av same sort som i Hardanger. Den skal krysse seks fjordar og gå på langs fem verna vassdrag i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

LES OGSÅ:

Ingen frå regjeringa kunne tysdag svare på om det er rett å oppheve vernevedtak i slike saker der bygdefolket får nei - men staten får ja.

- Heilt anna klasse

På Stortinget meiner Bjørn Lødemel frå Høgre at respekten for vernevedtak vert svekka når staten ikkje vil vere med å betale prisen.

- Dersom staten seier nei til ei form for utbygging, så må ein også kunne seie nei til ei anna form for utbygging. Særleg i høve til at inngrepa er i ei heilt anna klasse i høve til dei store luftspenna, seier han.

Blir ikkje høyrde

I Ålfoten meiner dei det er skilnad på korleis staten handsamar eigne prosjekt og kva krav dei set til innbyggjarane. Kommunen har bede Statnett om å spesielt halde seg unna Førdedalen. Det til inga nytte.

Elv i Ålfoten

Elva renn stille gjennom Førdedalen, uvitande om kraftlina som snart skal krysse over den.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Saka ligg som ankesak i regjeringa. Får Statnett og NVE viljen sin, kjem det kraftline langs heile dalbotnen og ein 60 dekar stor transformatorstasjon nede ved bygda.

- Då vi vart oppmoda om å kome med innspel og slike ting, så skulle det gjerne fått litt betydning. Men vi er ikkje høyrde på noko av det vi kom med, seier Midthjell.