Hopp til innhold

Kommunane krev ny kabelutgreiing

Kommunane som blir berørte av den planlagde gigantlina krev no same vurdering av kabelalternativet som regjeringa har lova Hardanger.

Kraftmaster i Låvisberget

GIGANTAR: Dei kraftline-råka kommunane i Sogn og Fjordane har sendt felles brev til ministeren, der dei ber om same vurdering som i Hardanger. Biletet syner kraftmastene i Låvisberget i Sogn og Fjordane.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

- Vi har tidlegare hevda at det har vore altfor lite merksemd på kabelalternativet. Når det no blir opna for nye vurderingar i Hardanger, meiner vi det er naturleg at det same skjer her hos oss, seier Førde-ordførar Nils Gjerland (Sp) til Firda.

- Like verdfull natur hos oss

Gjennom eit felles brev til Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen (Sp) blir kravet reist frå kommunane Eid, Bremanger, Flora, Naustdal og Førde.

Alle har til felles at dei blir berørte av den planlagde gigantlina på 420 kV frå Fardal i Sogn til Ørskog på Sunnmøre.

LES MEIR: Vil ikkje ha kraftline som ny nabo

- Vi tykkjer at vår natur er like verdfull som naturen i andre delar av landet, seier Gjerland til avisa.

Vil ha ministeren på besøk

Nils Gjerland

LIKE VERDFULL NATUR: - Det er naturleg at det same skjer hos oss som i Hardanger, meiner Førde-ordførar Nils Gjerland.

Foto: NRK

Protestane har vore enorme mot den planlagde kraftlina frå Hardanger til Bergen, og regjeringa har bestemt seg for å greie ut planane ein gong til.

Det må få konsekvensar også for planane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, meiner dei råka kommunane.

- Det er naturleg at ministeren også kjem hit for å sjå på det aktuelle området, seier Gjerland til Firda.