Hopp til innhold

– Linjene skremmer ikkje turistane

Turistane har ikkje noko imot kraftlinjer. Det hevdar turistvertar frå Sogn og Fjordane og Buskerud.

Fjell

GEITERYGGEN I BUSKERUD: To kraflinjer ligg 50 meter unna turisthytta.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Kraftmast i Aurlandsdalen

AURLAND I SOGN: Store kraftlinjer fører straum frå kraftverka østover til Oslo.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Dei kastar ein brannfakkel inn i det oppheita debatten kring regjeringa sitt ja til den nye, store 420 kV-linja gjennom Hardanger.

LES OGSÅ:

Svært få klagar

Ved Geiteryggen turisthytte i Buskerud er det to kjempestore kraftliner like ved hytta. Men besøket aukar år for år og turistane klagar ikkje, seier bestyrar ved hytta, Jan Eira.

Han forstår ikkje den omfattande motstanden mot nye kraftliner.

– I løpet av ein sesong høyrer vi kanskje éin, eller tre-fire mann som seier at mastene er stygge. Då seier vi at dei vil ha straum i Oslo, og ein stad må mastene gå. Då vert det stille, seier Eira.

Trafikken har auka kvart år

Regjeringa sitt ja til nye krafliner i Hardanger har ført til enormt mediafokus og kraftige protestar. Arbeidarpartiet har hatt sterkt fall på meiningsmålingane, og mange knyttar nedgangen til kraftline-saka. Det blir mellom anna vist til at turistane vil snu Hardanger ryggen når dei nye store kraftlinene er på plass.

– Det er feil at turistane er så negative til kraftliner, seier Inge Olai Sønnerheim, bestyrar ved Østerbø turisthytte i Aurlandsdalen der Hafslund har store gigantlinjer gjennom den dramatiske vestlandsnaturen.

Østerbø turisthytte

TURIST-AUKE: Østerbø turisthytte i Aurlandsdalen har ikkje merka svikt i besøket etter at kraftlinjene kom. Tvert imot.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Det er veldig overdrive. Eg har drive Østerbø turisthytte sidan 1995, og vore medeigar sidan 1977. Det er veldig få turistar som har kommentert at det er kraftlinjer her. Etter at kraftutbygginga var ferdig på 1980-talet, så har talet turistar stige mest kvart år, seier Sønnerheim.

SV: – Dette vil vere galematias

Landsstyremedlem i SV, Kristine Kopperud Timberlid frå Høyanger, seier det ville vore endå fleire folk på turisthyttene i Norge dersom det ikkje hadde vore kraftliner nær dei.

– Det som er produktet i norsk reiseliv, er naturen vår. Det er den urørte naturen og det velpleide naturlandskapet vårt. Der seier også NHO Reiseliv og næringa i sin heilskap; at å byggje luftspenn i det som er vårt hovudprodukt, er galematias.

– Men dei som har kraftlinja tett inntil seg seier dei aldri har hatt fleire turistar?

– Det trur eg er meir på trass av, enn på grunn av. Eg er heilt overbevist om at ei kraftlinje vil alltid vere meir negativ enn positiv for eit område som er ein reisedestinasjon, slik både Hardanger og Sogn er.

Timberlid krev at kraftlina blir lagt i kabel, ikkje berre i Hardanger, men at også strekninga frå Ørskog på Sunnmøre til Fardal i Sogn blir kabla. Ho vedgår at kabel-alternativet kostar fleire gonger meir enn luftspenn, men meiner ein ikkje kan ta økonomiske omsyn i denne type saker.

– I Norge i dag er det ikkje pengar det står på. I alle fall ikkje innan det som har med kraft å gjere. Eg kjøper ikkje prisargumentet, seier ho.

AP: – Tek ikkje innover seg realitetane

Leiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Nils P. Støyva, meiner det må takast økonomiske omsyn, og at han går for luftspenn både i Hardanger og mellom Ørskog og Fardal.

Nils P. Støyva

– OVERDRIVEN STØY: Ap-leiar Nils P. Støyva kritiserer kraftlinjemotstandarane for å ha ei svart-kvitt-haldning.

Foto: Vegar Erstad / NRK

– Eg synest at ein del av denne støyen er overdriven. Spesielt når ein hevdar at det blir nord og ned for alt som har med reiseliv å gjere, så trur eg ikkje det er rett. Vi kan berre sjå på kommunar i Sogn og Fjordane som Aurland og Luster, vi kan sjå på Rauma i Møre og Romsdal. Turismen er så vidt eg veit blomstrande i desse kommunane som har kraftlinjer, seier Støyva som er ordførar i Stryn.

Han etterlyser ein meir nyanser debatt.

– Det har blitt ein svart-kvitt-debatt der ein ikkje tek innover seg realitetane. Storsamfunnet har plikt på seg og må skaffe straum til Bergens-området og Midt-Norge. Sist vinter hadde vi ein svær diskusjon kring prisnivået på straum i Midt-Norge. Det skuldast jo at det manglar straum, seier fylkesleiaren i Sogn og Fjordane Arbeidarparti.