Protestane mot den planlagde 420 kilovolt kraftlinja mellom Fardal i Sogn og Ørskog på Sunnmøre har vore massive i Sogn og Fjordane.
Folk som får linja nær seg har protestert, det same har kommunar og naturvernarar.
Det er desse protestane som førte til at regjeringa påla Statnett å sjå på moglege nye trasear i Indre Sunnfjord og Bremanger.
- LES OGSÅ:
Ny trase i Sunnfjord
Statnett har måtte vurdere løysingar for linja gjennom kommunane Jølster, Førde, Naustdal og Bremanger.
Då fristen gjekk ut onsdag, hadde Statnett funne alternativ for linja i Sunnfjord, men ikkje i Bremanger.
Prosjektleiar Ove Brattberg i Statnett vil aller helst halde på den opphavlege traseen.
- Desse alternative løysingar inneber ikkje noko forbetring i forhold til traseen det allereie er gitt konsesjon til, seier Brattberg til NRK.no.
(Artikkelen held fram under TV-saka)
- Meir natur vert råka av ny trase
I Indre Sunnfjord vil Statnett framleis at linja skal gå tvers over Moskog til Naustdal. Men her søkjer dei også om tre alternative trasear via Vassenden, der linja kjem lenger opp i Instedalen i Naustdal.
Dette vil føre til at fleire innbyggjarar og meir urørt natur vert råka, meiner Brattberg.
- Tapet av områder med denne løysinga, er 20 gonger større enn traseen det er gitt konsesjon til, seier Brattberg.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Ikkje ny trase i Bremanger
Statnett var også pålagd å vurdere ny linjetrase gjennom Bremanger. Men her ligg alternativet så langt til fjells at dei ikkje vil søkje konsesjon.
- Nærleiken til Ålfotbreen gjer at vêrtilhøva der er svært dårlege, mellom anna med mykje tåke om vinteren. Dette gjer at dette er ei uakseptabel traseløysing for Statnett, seier Brattberg.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: