Hopp til innhold

Håpar Kina vil ha meir av dette

I seks år har forholdet til Kina vore på frysepunktet, no håpar fiskerinæringa fryst fisk skal slå an på ny.

Eksport av laks

NY MARKNAD: Norsk laks har nærast glimra med sitt fråvær på den kinesiske marknaden sidan 2010, og laks frå Skottland og Chile har teke over. No blir det kamp om å hamne på kinesiske forbrukarar sitt bord.

Foto: Henning Bagger / Scanpix

– Det er klart dette gir oss enorme sjansar til å nå norske styresmakter si målsetting om å femdoble produksjonen av laks og aure fram til 2050, seier Sverre Søraa, administrerande direktør i Coast Seafood.

Sverre Søraa

OPTIMIST: Sverre Søraa i Coast Seafood ser lyst på framtida, og håpar ein frihandelsavtale mellom dei to landa kjem på plass.

Foto: Steinar Lote / NRK

Selskapet er den største lakseeksportøren i Sogn og Fjordane, og dei gler seg over at den kinesiske marknaden på ny kan ta inn laks. For i dag vart det klart at forholdet mellom dei to landa både politisk og diplomatisk er tilbake til normalen. For sidan 2010 då den kinesiske kritikaren Liu Xiaobo fekk nobelprisen har det vore isfront mellom landa.

– No får vi tilgang til ein enorm marknad, som gjer det mogleg å nå målet, så i dag er vi glade, seier Søraa.

Viktig for næringslivet

Då kontakta mellom dei to landa havarerte vart det også stilt mykje strengare krav til import av norsk laks. I 2010 kom 94 prosent av all laks i Kina frå Noreg, og totalt var det snakk om opptil 15 000 tonn. I 2015 leverte norske produsentar berre eit par tusen tonn, skriv Aftenposten.

Også utanrikspolitisk talskvinne i Senterpartiet, Liv Signe Navarsete trur norsk næringsliv no går ei lys tid i møte.

– Perioden har vore vanskeleg, politisk, men også for norsk næringsliv. No opnar den kinesiske marknaden seg. Det er ein gledas dag, spesielt på Vestlandet med fiskerinæringa, men vi har også industri og energiforedling som kan få innpass i den kinesiske marknaden, seier ho.

Liv Signe Navarsete

VIKTIG: Liv Signe Navarsete i Senterpartiet er særs glad for avtalen som no har kome i stand. – Det blir ikkje lett å få innpass i den kinesiske marknaden igjen, men norsk næringsliv har synt at ein evnar å tilpasse seg.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB Scanpix

Håpar på handelsavtale

Søraa meiner det er for tidleg å rekne på kor store verdiar i kroner og ører ein har gått glipp av i løpet av desse åra.

– Vi ser jo at det er ein enorm marknad, og eg er sikker på at dette vil bety mykje for laks- og aurenæringa.

Regjeringa har også fortalt at dei jobbar vidare med å få på plass ein frihandelsavtale med Kina. Det meiner Søraa hadde vore midt i blinken.

– Det hadde gitt eit signal til næringsdrivande om at vi kan investere tyngre og meir langsiktig i den kinesiske marknaden. Og det vil gje stor etterspurnad etter produkta vi sel.

Navarsete støttar dette arbeidet med er krystallklar på at norske styresmakter også i framtida må seie tydeleg ifrå om kvar skapet skal stå.

– Norske styresmakter må aldri unnlate å peike på brot på menneskerettane og andre ting som ikkje bør skje.