Hopp til innhold

Han varslar rettsleg kamp om Fjord1-aksjane

Minoritetseigaren i Fjord1, Havilafjord, seier i dag at dei vil forfølgje forkjøpsretten med dei rettslege midlar som er tilgjengelege.

Per Sævik

FØRSTE STEG MOT RETTSSAK: Havilafjord og dagleg leiar Per Sævik varsla i dag at dei vil erklære forkjøpsrett på fylkeskommunen sin aksjepost i Fjord1.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Dette er det første steget på ei lang vandring før dette er ferdig handsama i rettssalen, seier Per Sævik til NRK.

Han er dagleg leiar i selskapet Havilafjord, som eig 41 prosent av aksjane i Fjord1. Den 23. november vedtok fylkespolitikarane med knapp margin å selje deira aksjepost på 59 prosent til Torghatten, Fjord1 sin største konkurrent i marknaden.

Som minoritetseigar ønskte Havilafjord å nytte seg av forkjøpsretten. I ei pressemelding, som vart sendt ut tidlegare i dag, skriv Sævik at dei kom med to bod, eit innanfor fristen den 2. november og eit revidert forslag den 19. november.

– Vi har dessutan signalisert vilje til å overta aksjane på same eller betre samla vilkår enn dei som ligg føre i avtalen med Torghatten AS, uttalar Per Sævik i skrivet.

Det avgjerande punktet i ei eventuell rettssak blir om fylkeskommunen hadde rettsleg grunnlag for å omgå forkjøpsretten.

– Vi meiner sjølvsagt vi har forkjøpsrett, viss ikkje hadde vi ikkje gått ut på denne måten, seier Sævik til NRK.

Fylkesordførar Jenny Følling stadfesta i går at kontrakten med Torghatten er underskrive. Det gjer at Sævik trur det er lite som kan hindre at saka etter kvart blir advokatmat.

– Det blir mindre sannsynleg for kvart sjakktrekk som blir gjort. Eit atterhald er at konkurransetilsynet skal sjå på saka. Vår tilnærming er at det er forkjøpsretten som vil avgjere dette. Vi meiner at fylkeskommunen har unngått den, medan fylkeskommunen sjølvsagt meiner at dei lovleg grunnlag for å gjere det. Så det blir påstand mot påstand, seier Sævik.