Hopp til innhold

Han håper folk vil våge å vere seg sjølv

Leif Jarle Espedal er bonde og ordførarkandidat. Han er homofil og er ein av dei som arrangerer Pride-festivalen i Sogn og Fjordane. Det gler han seg til.

Leif Jarle Espedal

ORDFØRARKANDIDAT: Leif Jarle Espedal frå Arbeidarpartiet ønskjer å bli ordførar i Fjaler. Men først skal han vere med å arrangere Pride-festivalen til helga.

Foto: Bartlomiej Marcin Omasta

– For meg er dette utruleg bra, og det er synd vi ikkje har hatt Pride for lenge sidan, seier han.

Pride er kjent frå gatene i storbyar gjennom mange år, og er eit arrangement knytt til aksept og respekt for lesbiske, homofile, bifile, transpersonar og kulturen deira. Til helga blir det festival også i Sogn og Fjordane for aller første gong, med parade og mange arrangement i Førde. Dei aller fleste kommunane har bestemt seg for å flagge.

– Eg trur Pride viser at ein ikkje treng å vere redd for å vere seg sjølv. Ein kan vere fri og akkurat den ein er, sjølv om ein bur i Sogn og Fjordane.

Leif Jarle Espedal

BONDE: Leif Jarle Espedal stod fram som homofil i TV2-programmet «Jakten på kjærligheten», der bønder prøver å finne kjærleiken.

Foto: Bartlomiej Marcin Omasta

Han seier det ikkje alltid lett å fortelje andre at ein er homofil. På fylkestinget denne veka fortalde Fjaler-ordførar Gunhild Berge Stang frå Venstre om ein gut ho kjente då ho vaks opp.

– De var ein gut eg gjekk med på gymnaset med for mange år sidan. Frå å vere ein inneslutta gut på vidaregåande så blomstra han då han kom til Bergen. Han blei ein heilt annan mann. Det er trist at du må stengje igjen ein så stor del av deg sjølv fordi du er homofil og bur på bygda, fortalde ho frå talarstolen.

Våga ikkje annonsere møta

Espedal seier han kan kjenne seg att i denne historia.

– Det er mange som føler dei har ein legning som gjer at dei vegrar seg for å fortelje det til andre. Dei har ei oppleving av at samfunnet generelt ikkje tolerer folk som er til dømes homofile, har eit anna syn, religion eller etnisitet.

Han meiner det ikkje er skilnad i fordommane mellom by og bygd.

– Dei er dei same uansett kvar ein kjem. Men miljøet i Sogn og Fjordane er mindre og meir gjennomsiktig. Difor kan kanskje mange vegre seg litt meir for å stå fram.

Sjølv var han med i ein gjeng som på starten av 2000-talet gjekk med tankar om at dei burde arrangere ein Pride-festival.

– Men det var mange som vegra seg og tenkte at ville bli vanskeleg. Då vi hadde møte i det som heitte Landsforeningen for lesbiske og homofile på Nord-Vestlandet, så annonserte ikkje vi møta fordi det då var mange som ikkje våga å komme.

Stod fram før TV2-program

Sjølv stod han fram som homofil i ein litt spesiell samanheng. For mange hugsar kanskje Espedal frå då han var med i TV2-programmet «Jakten på kjærligheten» der bønder prøver å finne kjærleiken. Han var med i den aller første sesongen i 2004.

– Det var ei veldig positiv oppleving, til tider hektisk, og eg fekk masse merksemd. Det meste var positivt.

I tillegg til å vere bonde og arrangere festival, er han også travel på andre område. Han er nemleg ordførarkandidat for Fjaler Ap, og truleg den første ordførarkandidaten i fylket som er open om at han er homofil.

– Eg har ikkje tenkt så mykje på det. Men tidlegare har eg spøkt med at vi no har den første kvinnelege ordføraren i Fjaler. No kan det kanskje vere på tide med den første homofile ordføraren.

– Det treng ikkje vere ein spøk?

– Nei, men når eg stiller som ordførarkandidat så er det ikkje på grunn av legninga mi, men på grunn av eg trur eg kan gjere ein god jobb.

Tre Pride-flagg ved Rokken i Volda

MANGE VIL FLAGGE: Til helga blir Pride arrangert i Førde. Då vil det vaie flagg frå mange kommunale flaggstenger.

Foto: Arne Flatin

Vil vise mangfald

Men før valkampen startar for fullt, er fokuset på den kommande festivalen. Han trur dette vil hjelpe mange.

– Vi vil vise at det å vere homofil, lesbisk eller transseksuell er heilt normalt i dag. Det er ikkje noko vi treng å skjule.

– Kva vil du seie til dei som er skeptiske og tykkjer det er rart det skal vere Pride i Sogn og Fjordane?

– Pride skal vere litt rart. Det skal vere fargerikt, stort fellesskap og mangfald, seier han.