Hopp til innhold

Halve året køyrer han drosje – andre halvdel er han misjonær i Bolivia

NORDFJORDEID (NRK): Malvin Ommedal (59) er årleg to turar i Bolivia for å driva misjonsarbeid, men når han er heime i Norge er han drosjesjåfør.

Malvin Ommedal misjonær

LANG FARTSTID: I snart 20 år har Malvin Ommedal reist til Bolivia som misjonær og han vert ikkje lengre sjokkert over skilnaden i levestandaren i Norge og Bolivia.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Eg har gjort dette i snart 18 år no, seier Malvin Ommedal i Norsk Luthersk Misjonsamband.

Han har nett køyrd ein passasjer frå ein plass til ein annan på Nordfjordeid, men om dryge to veker går turen tilbake til Bolivia for å halda fram misjonsarbeidet.

Rundt på landsbygda

Kontrastane er store frå Norge som er blant dei rikaste landa i verda til den kvardagen han møter i Bolivia. Tal frå FN viser at 7,7 prosent lever under ekstrem fattigdom i landet (ekstern lenke). Det er likevel betre enn det var i rundt årtusenskifte. Då levde nesten ein av tre under ekstrem fattigdom.

Malvin Ommedal i Bolivia

BOLIVIA: Her er Malvin Ommedal i utanfor landsbyen Tinguipaya.

Foto: Privat

– Det er ein stor forskjell på korleis vi har det her og korleis dei har det der nede, men eg har blitt vand med det. Eg vert ikkje lengre sjokkert verken den eine eller andre vegen, seier Ommedal.

Norsk Luthersk Misjonsamband har 50.000 medlemer og 25 lag og organisasjonar i Sunnfjord og Nordfjord. Når Ommedal reiser til Bolivia er han der tre månadar om gangen, men han reiser ned to gonger i året.

No reiser 59-åringen aleine på tur, men tidlegare har heile familien på fem vore med. To av barna hans er også født medan dei var på misjonsreise i Bolivia.

Under opphalda i landet driv han for det meste evangelisk arbeid, men tidlegare har han også vore knytt opp mot fleire prosjekt.

– Eg har vore med på prosjekt som har hjelpt til med å få drikkevatn, bygging av internat og anna arbeid, seier han.

Malvin Ommedal i Bolivia

SAMLING: Malvin Ommedal reiser med jamne mellomrom til Bolivia for å drive misjonsarbeid.

Foto: Privat