Hopp til innhold

Privat firma vil starte krematorium i Noreg: Livssynsstatsråden er kritisk

I dag er alle krematorium i Noreg offentlege, men det vil eit privat firma gjere noko med.

Krematorium Gjøvik

KAPASITETSPROBLEM: Dette bildet er tatt på Gjøvik, der dei ønskjer å bygge ein omn til for å greie å tene heile Innlandet.

Foto: Frode Meskau / NRK

I dag finst det 25 krematorium her i landet. No kan det bli fleire.

For firmaet Sjond AS ønskjer å etablere seg med krematorium både i Stange, like sør for Hamar i Innlandet, og i Sarpsborg i Østfold.

I ryggen har dagleg leiar Per Firing ei tysk stifting, IFZW, som driv fleire krematorium i Europa.

Initiativet møter motstand.

Ministeren er kritisk

Tru- og livssynsminister Kjersti Toppe (Sp) meiner kommunane må vere kritiske til kven dei inngår samarbeid med.

– Dette viser jo at her er det ein marknad, seier Toppe.

Statsråden meiner at det er mest naturleg at krematoria blir drifta i offentleg regi – gjerne i eit interkommunalt samarbeid.

Eg legg til grunn at alle kommunar lagar planar for dette, seier Toppe.

Kjersti Toppe

Tru og livssynsminister Kjersti Toppe (Sp) er kritisk til at private skal inn på kremasjonsmarknaden.

Foto: William Jobling / NRK

Fagforbundet er kritiske

I gravplasslova er det ikkje reglar om kven som kan eige eller drive krematorium, men dei må ha statleg godkjenning.

Toppe får støtte frå Fagforbundet.

– Dette stiller vi oss sterkt kritisk til, seier Marianne Bratli.

Ho er leiar for Fagforbundet si avdeling for tilsette innan kyrkje og gravferdsområdet i Innlandet.

– Det er det offentlege si oppgåver å gje folk ei verdig avslutning på livet.

Marianne Bratsveen

Marianne Bratsveen i Fagforbundet er sterkt kritisk til at private skal inn i kremasjonsbransjen. Ho meiner dette er ein oppgåve for det offentlege.

Foto: Inger Johanne Solli / NRK

– Private like bra

– Eg forstår ikkje kvifor private ikkje kan drive krematorium, på same måte som dei driv gravferdsbyrå, seier Per Firing.

Han har sjølv bakgrunn frå gravferdsbyrå. Det er den tyske stiftinga som skal investere og bygge kremasjonsomn med sin moderne teknologi, dersom planane til Sjond blir noko av.

– Ingen verksemder har meir tilfredse kundar enn gravferdsbyråa, seier Firing.

Han meiner at eit privat krematorium kan gje eit like verdig tilbod til dei pårørande, som eit som er eigd av kyrkja.

Per-Firing

Per Firing i selskapet Sjond AS er mannen som ønskjer å starte private krematorium i Sarpsborg og i Stange

Foto: Magnus Skatvedt Iversen / NRK

Det er ikkje tilfeldig at han vil plassere eit krematorium i Stange.

I dag blir dei aller fleste kister frå Innlandet køyrd til Gjøvik for kremasjon. Dei kremerte meir enn 1500 kister i fjor. Kapasiteten er sprengt og dei har planar om å utvide. Naboar har protestert og saka ligg hos statsforvaltaren. I tilegg er det eit lite krematorium i Kongsvinger.

Kister på kjølelager.Krematorium Gjøvik

Protesterer mot krematorium i Gjøvik

Næringssjef Erik Habberstad er saksbehandlar for saka i Stange kommune. Han seier han har behandla Per Firing og Sjond AS akkurat som andre som ønskjer å starte næringsverksemd.

Formannskapet i kommunen får saka på bordet sitt neste veke.

Per Habberstad

VANLEG NÆRINGSVERKSEMD: Næringssjef Erik Habberstad i Stange meiner eit krematorium kan passe inn ved kyrkja og gravplassen på Ottestad. Her er også ein namna minnelund for urner.

Foto: Frode Meskau / NRK

Politisk i Sarpsborg

I Sarpsborg har det vore politiske diskusjonar om eit nytt krematorium skal vere privat eller offentleg.

I utgangspunktet var det foreslått å opprette eit interkommunalt selskap. Men da Magnus Arnesen (H) vart ordførar, ville han greie ut moglegheitene for at private kunne bygge og drive det.

Magnus Arnesen

Ordførar Magnus Arnesen i Sarpsborg ønskja at det nye krematoriet i byen skulle drivast av private. Og nå innstiller kommunedirektøren på det. Saka blir behandla politisk i formannskap og kommunestyre i desse dagar.

Foto: Sarpsborg kommune

Og nå innstiller administrasjonen på at det skal vere privat, framfor formannskapsmøte og kommunestyremøte i juni.

I innstillinga til formannskapet heiter det at dei inviterer Fredrikstad, Moss og Indre Østfold om å delta i nyskaffinga. Så blir det utlyst konkurranse om oppdraget.

Frå før har berre Sjond meldt si interesse for å bygge det nye krematoriet.

Auke i kremasjonar

Over heile landet vel fleire og fleire kremasjon. I fjor vart 49 prosent av dei døde kremert, det er fleire enn nokon gong før.

Fram mot 2060 kjem tala på dødsfall i Noreg til å auke med 50 prosent, det skuldast eldrebølga.

Om trenden held fram, vil Noreg ha behov for å kunne handtere 50.000 kremasjonar årleg i 2060.

Det er 76 prosent meir enn kva dei har kapasitet til i dag. Dette går fram av rapporten Kremasjonsvirksomheten i Noreg.

Korleis vil du gravleggast?

I slutten av juni skal statsråd Kjersti Toppe få overlevert ein rapport med forslag til kvar krematorium og kjølelager bør ligge i Noreg.

Toppe seier at det truleg er behov for fleire krematorium og reinsing av røyken fleire stader dei neste tiåra.

Desse investeringane er så store at det kan vere tenleg med samarbeid eller felles eigarskap. Departementet greier ut om det er behov for regelendringar for å leggje til rette for slike samarbeid, seier Kjersti Toppe.

Les også Meir likbrenning gjer at norske krematorium «går varme»

Krematoriet i Kristiansund

Flere saker fra Innlandet

Steinras-Gjende

Tre personer evakuert etter steinras ved Gjende i Jotunheimen