NRK Meny
Normal

Hadde ikkje teke i ein ball på fem månadar...

FØRDE - FONTE BASTARDO AZORES 1-3 (NRK): Snakk om å bli kasta til ulvane: Øystein Bergum har vore skadd i fem månadar - så skulle han stoppe servane frå Portugal.

Øystein Bergum i mottak for Førde mot portugisiske Azores

UNDER PRESS: Øystein Bergum vart sett under kraftig press frå portugisiske servar i sin første kamp på fem månadar.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg kjende ingenting i kneet, så det var herleg. Det gjekk over all forventing, seier Øystein Bergum.

Ikkje sidan april har landslagsliberoen vore med på ei trening med ball. Heile sesongstarten har gått fløyten på grunn av såkalla jumpers knee.

Hadde berre trent ein halvtime same dag

Men: Mot portugisiske Fonte Bastardo Azores i Challenge-cupen vart han brukt som libero i mottak - med berre 30 minutts trening bak seg tidlegare på dagen...

– Korleis var det å spele igjen, og møte eit slikt servepress i første kamp?

– Du må vere mentalt sterk, det er klart. Men har lært meg det tidlegare, og har det inne. Og no klarte eg å få det fram. Det er eg nøgd med, seier Bergum.

– Men eg treng meir tid før eg er skadefri. Eg satsar på å vere tilbake i den nordiske ligaen om to veker. Og så skal eg spele returkampen i europacupen, seier han.

Håvard Aarrestad i angrep mot Azores i europacupen

SMÅSKADD: Håvard Aarrestad sleit med ein skade i ryggen, men var likevel innpå og henta nokre poeng for Førde.

Foto: Rune Fossum / NRK

Trur Førde kunne vunne utan skadene

Førde gjekk ut med enorm vinnarvilje og engasjement, og heldt følgje med protugisarane til midt uti det første settet. Men Azores vart for sterke, og deretter var det lite å skrive heim om i det andre settet - då Førde stod fram som eit juniorlag mot overmakta.

Likevel kom Førde sterkt tilbake, og halte i land eit dramatisk tredjesett med 30-28. Først etter nok eit jamt sett måtte Førde bite i det sure eplet framfor 1000 tilskodarar i Førdehuset.

– Vi visste at dei var gode, men viser at vi er fullt på høgde med dei. Eg synest det er sterkt av oss å reise oss etter det andre settet. Hadde vi ikkje hatt eit par skader i troppen, kunne resultatet fort vore annleis, seier Bergum.

Var ungdomar mot vaksne menn

Trenar Jan Egil Tvinde er imponert over prestasjonen til sin eigen libero, men var også godt nøgd med resten av laget - som han meiner viste sesongbeste.

– Dette var ein kjempekamp av oss. Det er utruleg moro å få spele ein så stor kamp framfor så mykje folk på heimebane, seier han.

Og legg til:

– Vi spelar med berre ungdomar samanlikna med dei på andre sida av nettet. Det er enormt imponerande at vi då heng med i ein så viktig kamp.

Mathias Loftesnes i angrep for Førde mot portugisiske Azores

STOR KAMP: Mathias Loftesnes stod fram og var den store Førde-profilen i kampen. - Han spelte ein fantastisk kamp, seier trenar Jan Egil Tvinde.

Foto: Rune Fossum / NRK

Trur det blir tøft i returkampen

Førde har no eit svært vanskeleg utgangspunkt framfor returkampen på Azorene.

– Vi reiser dit for å gjere ein best mogleg kamp. Men det blir tøft, vedgår Tvinde.

– Korleis vurderer du sjansane?

– Hadde vi teke eit sett til her, hadde sjansane vore betre. No blir det tøft, men vi skal gjere det vi kan, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.