Hopp til innhold

Gutane i fylket slit med lesinga

Fleire gutar i 5. klasse i fylket les dårlegare enn tidlegare. Det syner resultata frå dei nasjonale prøvene. Fylkesmannen ropar no varsku om utviklinga.

Fjerdeklassinger leser bøker

HENG ETTER: Resultata frå nasjonale prøver viser at jentene held stand, medan gutane i fylket les dårlegare enn før.

Foto: Hege Therese Holtung / NRK

Kommunalsjef for skule og opplæring i Førde kommune, Helge Sæterdal, seier vi har ein jobb å gjere for å snu trenden.

– Korleis greier vi å motivere gutane? Spørsmålet er om vi treff med dei tekstane vi legg opp til. For det er ikkje tvil om at gutane les mindre enn jenter, seier han.

Lesing er viktig for læring

Kommunalsjef i Førde, Helge Sæterdal

SAME KVA DU LES: Kommunalsjef i Førde, Helge Sæterdal, seier mengdetrening er det viktigaste, ikkje kva du les.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Medan 25 prosent av elevane i 5. klasse i fjor var på lågaste meistringsnivå i lesing, har dette auka til 30 prosent syner resultata frå årets nasjonale prøvar. Og det er gutane som i hovudsak står for den negative utviklinga, seier rådgjevar hjå Fylkesmannen, Karstein Fardal.

– Det som uroar oss, er at det er gutane som står for nedgangen. Jentene held same nivå som tidlegare. Det er gutane sin lesekompetanse som vi meiner no er litt urovekkande, seier han.

Prøvene skal gje ein peikepinn på om skulen har klart å utvikle elevane sine evner i lesing, rekning og engelsk. Resultata tyder på at skulane i Sogn og Fjordane blir dårlegare, og no er fylket saman med Finnmark, Østfold og Nordland, dei som har flest elevar på det lågaste meistringsnivået i lesing.

– Det er viktig at elevane har eit så høgt meistringsnivå som mogleg i lesing for å tileigne seg kunnskap òg i dei andre faga, seier Fardal.

Klare for Halloween

TEK ATT DET TAPTE: Sjølv om gutane heng etter på tidlegare klassetrinn, viser det seg at dei greier å hente seg inn att på ungdomsskulen. Biletet er teke frå Slåtten skule, i samband med ei anna sak.

Foto: Kjersti Anderdal Bakken / NRK

Greier å hente seg inn at seinare, men...

Også på landsbasis er det gutane som gjer det dårlegast. 27 prosent av gutane i 5. klasse hamnar i den lågaste meistringsklassa, medan det gjeld 21 prosent av jentene. Sæterdal trur ein må få anna type litteratur om andre emne inn i skulen for å fange interessa til gutane:

– Eg har ein filosofi om at det mengdelesing som gjeld. Det er nesten det same kva det er, om det er teikneseriar eller fotballblad, berre ein les, seier han.

Sogn og Fjordane har lenge vore halde fram som annleisfylket, som trass fleire statistiske ulemper har klart å hevde seg på nasjonale prøver. Og Fardal meiner at sjølv om resultata for 5. klasse er urovekkjande, så klarer elevane her ofte å hente seg inn:

– Vi ser at når elevane kjem opp på ungdomstrinnet så blir ein del av det henta inn att, seier han.

Sæterdal ser same utviklinga, men meiner tidleg innsats må prioriterast.

– At dette ordnar seg seinare kan ikkje vere ei sovepute. Vi må sjå kva vi gjer med byrjaropplæringa, for gutane er eigentleg like interesserte og motiverte når dei går i barnehage og over. Men på eitt eller anna tidspunkt så mistar dei interessa, seier han.