Hopp til innhold

Trur dataspel vil fremje læring

Riktig bruk av dataspel har læringsfremjande effekt, meiner Erik Hoftun. Fleire lærarar og elevar var samla ved Hafstad vidaregåande skule for å høyre korleis dei kan lære av dataspel.

Dataspel

DATASPEL: Elevane vil kunne lære mykje ved å bruke dataspel.

Foto: Marte Halsør / NRK

Erik Hoftun

HOFTUN: Har trua på at elevane vil lære betre om dei brukar dataspel på rett måte i undervisninga.

Foto: Marte Halsør / NRK

– Tanken bak er å sjå på kva barn likar å gjere. Dei likar å spele spel, og då må ein sjå på korleis ein kan bruke desse motivasjons- og meistringssystema i videospel og ta dei over i læringssituasjonar, seier Erik Hoftun.

Han er dagleg leiar i Snow Castle AS, eit selskap som driv med spelutvikling og spelbasert læring.

Hoftun meiner spel er ein effektiv måte å lære og utforske nye ting på, og i dag var han ein av foredragshaldarane på konferansen om spelbasert læring på Hafstad vidaregåande skule.

Alle alderstrinn

Dei fleste elevar har i dag eigen mobiltelefon som kan laste ned enkle, gode appar som kan virke motiverande for å arbeide med læringsfremjande aktivitetar. Arrangørane bak konferansen har stor tru på at dette er eit potensial som ein kan nytte seg av i både grunnskulen og vidaregåande skule.

– Eg trur det kjem til å fenge like godt, fordi veldig mykje av programma er eigna for dei yngre ungane. Ein ser det for eksempel i språkundervisninga der dette kan vere veldig nyttig, seier rektor ved Slåtten skule, Turid Hatlem.

Ho meiner det er mykje god hjelp i spelbasert læring, og at det berre gjeld å sjå moglegheitene.

Parallellar til dataspel

Hoftun dreg fleire parallellar mellom dataspel og læring. Når ein fullfører eit nytt nivå på eit dataspel gjev dette ein følelse av meistring på same måte som elevane vil føle når dei klarar å løyse ei likning.

Han trur og at ein må øve for å blir god på dataspel, og at det same gjeld i matematikk og andre fag.

– Tenk deg at skulen er akkurat som eit videospel, du begynner på nivå 1 og om tre år når du går ut av vidaregåande skule så er du komen på nivå 100, seier Hoftun.

– Spelet gjer deg tilpassa utfordringar undervegs og du gjer dei individuelt. Då treng du ikkje vente på resten av klassa, men du kjem heller ikkje vidare utan å ha fullført nivået, seier Hoftun.

Han meiner dette er ein av dei unike eigenskapane med spel som ein kan ta med seg over i skulen.

Stor forskjell

Det har aldri vore så store forskjellar mellom generasjonane, meiner Hoftun. Dei som er fødd i dag vil ikkje berre kunne beherske teknologien mykje betre, dei er og skrudd saman på ein heilt annan måte enn eldre generasjonar, som for eksempel lærarane.

– Skulen har eigentleg ikkje utvikla seg noko særleg dei siste 50 åra, mens elevane som går der er no skrudd saman på ein heilt ny måte, seier Hoftun.

Han peikar på at generasjonen som begynner på skulen no er vakse opp med iPad og iPhone sida dei berre var eitt år gamle, og har difor heilt andre forventningar til skulen.

– Skulen er ikkje lenger vaktaren for kunnskap. Det er ikkje på skulen dei får den beste kunnskapen, det er på internett. Skulen ligg difor etter, fastslår Hoftun.

(Artikkelen held fram under biletet)

Elevar Hafstad

POSITIVE: Elevane er positive til spelbasert læring og trur det kan vere ein god måte å gjere læring meir interessant.

Foto: Marte Halsør / NRK

Bremsar prosessen

Hoftun forstår at mange er skeptiske til dette med spelbasert læring. Dataspel vert blant anna omtala som passivt, asosialt og stillesitjande. Hoftun presiserer at desse omgrepa like godt kan brukast om lesing, og trur at det gjerne er den generasjonen som ikkje har spelt spela sjølve som er mest skeptiske.

– Desse finn du både blant lærarar og foreldre, og det gjer at dei positive sidene ved spel ikkje har fått det innpasset det skulle hatt. Dette er rett og slett ein brems på prosessen, seier Hoftun.

Også Hatlem trur at mange har fordommar mot dataspel fordi dei ikkje har nok kunnskap om det sjølve, og er redde for at det ikkje vil føre til nok læring.

– Under forelesinga var det nokre vaksne som var litt konservative. Det var i alle fall ein som rakk opp handa og synest at vi spelar for mykje. Det er jo noko heilt nytt og det er store forskjellar mellom vår generasjon og førre generasjon, så det krevst litt omveltingar, seier ein av elevane.

Hoftun trur at den største utfordringa med spelbasert læring er å overtyde alle dei som er skeptiske til bruk av videospel i undervisninga.