Sogn og Fjordane har i mange år toppa listene på nasjonale prøvar som viser kor godt elevane meistrar lesing, rekning og engelsk.
Göran Söderlund ved Høgskulen i Sogn og Fjordane seier ny forsking peikar på nynorskbruken som ein suksessfaktor.
– Å lære seg to skriftspråk har tydelegvis ein bra effekt på skulearbeidet, seier han.
- LES OGSÅ:
Presentert i dag
I dag blir dei første resultata frå forskingsprosjektet om kvifor elevar i Sogn og Fjordane skil seg så positiv ut, lagt fram.
Forskarane har samanlikna Sogn og Fjordane, Nord-Trøndelag, Aust-Agder og Oppland. Og resultata syner at også skilnadar i organisering av skulane, klasseromsundervisninga eller lærarane sin status kan forklare ein del av skilnadane mellom fylka.
Söderlund seier det er eit utvilsamt gode å beherske to målformer.
– Det betyr i alle fall at skuleborna har nytte av å halde oppe to språk. Då trenar ein hjernen, og trenar ein den mykje så lærer ein meir enn om ein trenar den lite.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Trur ikkje nynorsken er årsaka
Medan forskarane er sikre på samanhengen mellom nynorsk og gode skuleresultat, er ikkje alle i 7. klasse ved Slåtten skule i Førde like overtydde.
– Eg trur ikkje det har så mykje å seie for kor godt vi lærer, seier Iver.
– Eg skjønar heller ikkje kvifor vi er mykje smartare i alt saman. For det har jo med korleis folk tenkjer. Er dei flinke i matte, så er dei flinke i matte. Er dei flinke i engelsk, så er dei flinke i engelsk. Eg trur ikkje nynorsken har så veldig mykje å seie, seier Odd Bjarte.
(Artikkelen held fram under biletet)
– Ja, men...
Charlotte derimot trur nynorskkunnskapen har positiv effekt på anna læring.
– Om du er flink til å lese nynorsk, er det betre å forstå bøker. Då er det lettare å kommunisere og få det betre til på skulen, meiner ho og får delvis støtte frå rektor Turid Hatlem.
Ho trur også at andre ting påverkar elevane sine positive resultat.
– Det kan også hende det har mykje med kulturen vår i Sogn og Fjordane, at skular framleis har høg status, folk som legg vekt på at ein skal jobbe med skule. Det kan vere mange ting som verkar inn, i tillegg til at vi har nynorsk som målform, avsluttar Hatlem.
- LES OGSÅ: