Hopp til innhold

Gratulasjonsvideoen til mora tek av

Ola Weel Skram laga ein musikalsk hyllest då mora Birgit fylte 60 år. Det har rørt fleire enn mora.

Ola Weel Skram

HYLLER MORA: Ola Weel Skram har fått enormt med respons etter at han la hyllesten på Facebook.

Foto: privat

  • Sjå heile musikkvideoen lengre nede i artikkelen.

– Eg fekk ein idé. Vi snakka litt eg og søstrene mine om vi skulle gjere noko spesielt. Eg fekk føre meg at eg skulle gjere noko annleis, skrive ein gangster-rap eller liknande. Først var det litt på tull, men så sette eg meg ned og høyrde på ein lydbit, og så vart det slik.

Søstrene er Ida og meir kjende Eva Weel Skram. Medan Ola held til i Bergen, bur dei i Oslo. Dei er med på refrenget i rapen.

– Eg visste ikkje om dei hadde sjanse til å vere med, men eg sende over låten. Dei høyrde på han og syntest det var veldig morosamt. Det er fantastisk at dei ville vere med på refrenget. Det vart ekstra gøy for mamma.

I tillegg har Ola fått hjelp av gode vener i Bergen med å snikre saman både låten og videoen. Og mor Birgit sette pris på gangster-rapen.

– Vi viste den for første gong i bursdagsselskapet hennar. Eg trur ho vart veldig positivt overraska, seier OIa.

Birgit Weel Skram

– MOROSAMT OG RØRANDE: Birgit Weel Skram.

Foto: privat

– Veldig rørande

Og det kan bursdagsbarnet Birgit skrive under på.

– Det var morosamt, og eg lo veldig, men det var i tillegg veldig rørande. Dette har dei brukt masse tid på, altså, særleg Ola. Han har hatt mykje hjelp av kompisane sine, men eg er imponert over kor bra det vart. Det var litt av ei gåve.

– Det varma vel eit morshjarte?

– Ja, eg vart ganske rørt.

Ida og Eva Weel Skram

MED PÅ LÅTEN: Døtrene Ida og Eva Weel Skram er med på refrenget.

Foto: pivat

Sett av over 40.000

No har Ola lagt både videoen og heile teksten på hyllesten til mora på Facebook. Og der har det hagla med kommentarar og likes.

– Det er veldig moro, det har teke heilt av. Plutseleg er det over 40.000 som har sett videoen, og dette er tredje intervjuet mitt i dag. Det er fantastisk for min del, men nikkje minst for mamma. Ho har fått bøttevis med gratulasjonar no, og det håpar eg held fram ut året.

Her er teksten på refrenget:
Kan du fortelle meg ken som fylle 60 år?
Det e mamman min og ho ha enda ikkje eit einaste grått hår
Ho e så fin og stram og slank korleis kan det her ha seg til?
Må være jævlig gode gena, kankje være noke tvil

Kan du fortelle om det komme til å bli ein bra fest?
Vel, du bør ta me paraply og ein redningsvest
Cashmoney regner overalt, champagne drypper fra taket
Ei dronning fyller 60 år, MAMMA GRATULERER me dagen!