Hopp til innhold

Gjensidige tek ikkje gigantrekning etter tunnelbrann

Gjensidige dekkjer berre ein sjettedel av rekninga som Statens vegvesen fekk etter brannen i Skatestraumtunnelen.

Brannmenn på veg inn i Skatestraumtunnelen

BRANN: Brannen i Skatestraumtunnelen i juli i fjor vert rekna som landets største tunnelbrann til no.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Brannen i 2015 kosta Vegvesenet kring 59 millionar kroner. I dag fortel Bergens Tidende at Gjensidige berre vil betale ti millionar kroner.

Forsikringsselskapet meiner det er maksbeløpet i Bilansvarslova, som regulerer erstatningsutbetalingar når bilar forårsakar materielle skader.

– Det føreligg ingen som helst tvil om kva som er gods i lovas forstand. Uttrykket omfattar skade på lausøyre, fast eigedom, dyr og køyretøy, skriv kommunikasjonssjef Arne Voll i ein epost til avisa.

Vegvesenet meiner på si side at grensa gjeld skade på gods, og ikkje sjølve tunnelen og det tekniske utstyret. Brannen oppstod etter at ein tilhengar med 16.500 liter bensin losna og hamna i fjellveggen.

Til alt hell vart ingen personar skadde i brannen, men skadane var så omfattande at tunnelen vart stengd i lengre tid grunna oppgradering.

Etter det BT forstår vurderer no Vegdirektoratet å reise søksmål mot Gjensidige for å få forsikringspengane dei meiner å ha krav på.