Så store er skadane i Skatestraumtunnelen

Fire røykdykkarar frå brannvesenet var dei første som fekk komme inn i tunnelen etter ulukka i går. Bileta dei tok fortel om omfattande skadar.

Røykdykkarar frå Flora brannvesen filma då dei vart dei første til å ta seg inn i Skatestraumtunnelen etter brannen.

STORE SKADAR: Røykdykkarar frå Flora brannvesen filma då dei vart dei første til å ta seg inn i Skatestraumtunnelen etter brannen. (Video: Flora brannvesen)

Røykdykkarane har briefa vegvesenet og politiet om det dei har sett. Dei har òg målt nivået på røyk og giftige gassar, for å finne ut om det er mogleg for andre å opphalde seg der inne. I tillegg har dei filma og teke bilete, for å kunne vise skadane til ekspertane på utsida.

– Det såg rimeleg forferdeleg ut der inne, sa ein av røykdykkarane til NRK etter å ha vore inne i Skatestraumtunnelen.

Fann utbrent personbil

Hengaren med bensin gjekk i fjellveggen om lag 500 meter inne i tunnelen, frå nordenden. Torbjørn Thue, innsatsleiar i politiet, fortel at det er rapportert om betydelege skader.

– Etter oppstiginga til nordsida kom brannmannskapa over personbilen som var forlaten. Den var heilt utbrent. Derifrå og opp mot vraket av tankvogna er det byrja å bli ein del nedfall i vegbana, i hovudsak sement som har losna frå taket. Partiet frå vraket og vidare oppover har fått den verste støyten. Der er det veldig mykje nedfall og utrygt å opphalde seg, seier han.

Brannmenn på veg inn i Skatestraumtunnelen

PÅ VEG INN: Fire røykdykkarar tok seg inn i tunnelen litt over kl. 14 torsdag.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Han seier det er kun flaks hindra at ulukka fekk eit verre utfall.

Vi har vore veldig heldige som ungjekk at det gjekk menneskeliv seier Thue.

Frå sørsida til botnen av tunnelen er det ikkje meldt om betydelege skader. Røykdykkarane kunne heller ikkje sjå at det hadde vore noko lekkasje.

Det neste blir å finne ut når det blir trygt for politiet å ta seg inn i tunnelen.

– Inntil vi har fått gjort våre undersøkingar, er det politiet som eig åstaden. Vi prøver å få kartlagt om vi kan sende ned våre etterforskarar, for å danne oss eit bilete av kva som har skjedd, seier innsatsleiar Thue.

Brannmenn ved Skatestraumtunnelen

GJER SEG KLARE FOR Å TA SEG INN I TUNNELEN: Røykdykkarane veit endå ikkje kva som møter dei i tunnelen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Omfattande skader

Klokka 17:25 blir det meldt at ein tekninkar frå politiet har vore inne i tunnelen etter røykdykkarane, men ingen fleire kjem inn i dag på grunn av mogleg farlege gassar. Statens vegvesen kjem difor ikkje i gong med undersøkingar i dag.

Margot Åsebø, fungerande avdelingsdirektør i Statens vegvesen, seier til NRK at skadane er omfattande, men som venta.

– Mykje av det elektrotekniske anlegget er øydelagt. Kablar heng ned frå taket, betong har løsna og alle kumlokka i botnen av tunnelen er av. Dei største skadane er frå der ulukka skjedde og nordover i tunnelen. Der ser vi at det har falle ned mykje betong, seier Åsebø.

Ho er samstundes glad for meldinga om at det ikkje lek vatn inn i tunnelen.

Brann i Skatestraumtunnelen

MYKJE RØYK: Det siv framleis ut litt røyk 24 timar etter ulukka i Skatestraumtunnelen. Biletet er teke i går, kort tid etter at fleire eksplosjonar gjekk av i tunnelen.

Foto: Linda Christin Lilleskare / NRK

Åsebø kan ikkje sei noko om kor lang tid reparasjonsarbeidet vil ta, før dei har fått oversikt over skadeomfanget. Men ho reknar med at dette vil ta lang tid. Først må laus betong og armatur i taket sikrast.

– Skadane mot nord kan vere svært omfattande. Det kjem til å ta tid før vi kan sende inn mannskap på nordsida, seier Åsebø.