Hopp til innhold

Gjekk rett frå fengsel til ny dopingproduksjon

Same dag som sunnfjordingen vart lauslaten på prøve etter ei stor dopingsak, meiner politiet at han starta eit nytt nettverk.

Doping beslaglagt i aksjon på Haugalandet og i Sunnhordland 20.10.2016

ILLUSTRASJONSFOTO: Dette beslaget vart gjort av politiet på Haugaland i kjølvatnet av dopingsaka i Øvre Eiker. Sakane blir sett i samanheng med nettverket som Vest politidistrikt har avslørt i Bergen.

Foto: Politiet

Tysdag vart mannen i 30-åra varetektsfengsla i ytterlegare fire veker i Bergen tingrett.

NRK erfarer at Vest politidistrikt meiner at sunnfjordingen er hovudmann i dopingsaka dei har rulla opp sidan 2015.

Ifølgje kjennelsen har mannen i stor grad tilstått. Mannen sin forsvarar, Rasmus Woxholt, ynskjer ikkje å kommentere saka.

Politiadvokat Kristin Harstad har ikkje vore tilgjengeleg for kommentarar.

Sju menn sikta

Politiet meiner nettverket har produsert og omsett betydeleg med dopingmidlar over internett. Distriktet har også teke over sakskomplekset etter eit større dopingbeslag i Øvre Eiker.

Ifølgje kjennelsen er sju menn sikta i saka. NRK erfarer at fleire av desse er frå Sunnfjord, og vart dømde i ei landsomfattande dopingsak som tidlegare Sogn og Fjordane politidistrikt rulla opp i 2007 og 2008. I saka, som fekk namnet «Prosjekt Gullfugl», vart over 60 personar pågripne.

Også her var sunnfjordingen hovudmann. Mannen vart dømd til fengsel i fire år og seks månader for 4,8 kilo anabole steroid. Same dag som han vart prøvelauslaten meiner politiet at mannen starta med produksjon og sal av dopingmiddel.

– Det er skjellig grunn til å mistenke sikta for å ha starta med ny tilsvarande kriminell verksemd umiddelbart etter lauslating og såleis også i prøvetida, står det i rettsboka frå Bergen tingrett.

Rømde til Russland

Mannen har dei siste åra halde til i utlandet og rømde frå dette landet då Vest politidistrikt etterlyste han internasjonalt. Han vart pågripen av russisk politi i oktober 2016. Her sat sunnfjordingen fengsla til han vart utvist i november i fjor. Mannen har sidan site varetektsfengsla.

NRK erfarer at politiet har gjort beslag fleire stader på Vestlandet. Og politiet har etterforska krypterte epostar og overføringar av digital valuta.

Etterforskinga er i sluttfasen og politiet håpar å få saka opp for tingretten mot slutten av 2018 eller tidleg 2019. Hovudforhandlinga kan ta eitt par månader.

Viser til «Gilde-saka»

Politiet ynskjer å halde på sunnfjordingen til saka kjem opp. Dei fryktar at han kan stikke av og gjere nye lovbrot.

Sunnfjordingen er dømd fem gongar. I 2007 fekk han sin første dom for sal av doping. Då i eit kompaniskap han starta opp etter prøvelauslating for ein narkotikadom frå 2005.

Sjølv om mannen har site 16 månader i varetekt både i Norge og Russland, meiner politiet det heller ikkje er fare for oversoning.

Under siste fengslingmøtet viste politiet til den mykje omtala «Gilde-saka» i Trondheim. Saka, som vert rekna som noko meir alvorleg, omfatta produksjon og sal av meir enn tre millionar dopingtablettar. Hovudmennene fekk mellom 4,5 og 6,5 års fengsel.