Hopp til innhold

Hovudmann i stor dopingsak fengsla i Kviterussland

Hovudmannen i ei av tidenes største dopingsaker i Norge sit no fengsla i Kviterussland. Norske styresmakter jobbar med å få mannen utlevert.

Våpenbeslag prosjekt Gullfugl

TRUGA MED VÅPEN: I saka «Prosjekt Gullfugl» kom det fram at gjerningsmennene hadde brukt batongar og andre våpen til å truge andre.

Foto: Politiet

Mannen i 30-åra frå Sunnfjord i Sogn og Fjordane blei arrestert av kviterussisk politi og har vore fengsla i Kviterussland i heile 2017, mistenkt for alvorleg kriminalitet.

Han skal periodevis ha opphalde seg i Austen, men har framleis bustadadresse i ei bygd i Sunnfjord i Sogn og Fjordane.

NRK har den siste tida vore i kontakt med ei rekkje politi- og rettskjelder på Vestlandet som alle stadfestar at den tidlegare straffedømde sunnfjordingen sit i fengsel i nabolandet vår i aust.

Dømd i stor sak

Mannen var for nokre år tilbake hovudmann i ein av dei største narko- og dopingsakene i Norge som fekk namnet «Prosjekt Gullfugl» av politiet.

Ei rekkje personar blei sikta og dømde i saka, der den no fengsla sunnfjordingen vedgjekk omgang med nær fem kilo anabole steroid og nær 30.000 kapslar med efedrin.

Prosjekt Gullfugl dopingmiddel

STORE BESLAG: Politiet gjorde beslag av store mengder dopingmiddel i saka der den nordmannen som no er fengsla i Russland, var heilt sentral.

Foto: Politiet

I Bergen tingrett blei mannen dømd til fengsel i fire år og seks månader.

NRK har førebels ikkje lukkast å kome i kontakt med den fengsla mannen.

Jobbar for utlevering

Det har vore ei omfattande brevveksling mellom norske og kviterussiske styresmakter i saka med tanke på ei utlevering til Norge. Utanriksdepartementet vil ikkje gå i detaljar om kva som no blir gjort for å få mannen utlevert.

– Utanrikstenesta er kjend med at ein norsk borgar er fengsla i Kviterussland og gir konsulær bistand i samsvar med fast praksis og gjeldande rammer for bistand til fengsla norske borgarar i utlandet, skriv Guri Solberg i Utanriksdepartementet i ein e-post til NRK.

Ho slår fast at dei ikkje kan kommentere ytterlegare detaljar i oppfølginga av nordmannen sin situasjon i kviterussisk fengsel.