Gir vekk milliardaksjar – det får Søviknes til å sjå raudt

At Sogn og Fjordane gav vekk kraftaksjar for milliardar får blå-blå Terje Søviknes (Frp) til å sjå raudt før det første valet til nye Vestland fylke.

Terje Søviknes under valutspørjing 2019

SVÆRT KRITISK: Terje Søviknes meiner at avtalen mellom Sogn og Fjordane og kommunane er alt anna enn bra. Kommunane får 80 prosent av aksjane i Sogn og Fjordane energi.

Foto: NRK

Sogn og Fjordane må vakte seg vel før dei kjem med dyre prosjekt i nye Vestland fylke. meiner Frp-topp Terje Søviknes.

Det vekte stor merksemd at fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok at verdiane i Sogn og Fjordane Energi skulle kome kommunane i fylket til gode i staden for at dei skulle bli selde til BKK.

Dermed får kommunane mykje pengar i gåve, medan det nye storfylket på Vestlandet kan sjå langt etter Sogn og Fjordane sin sparekonto. I staden må Vestland fylke truleg kutte 100 millionar årleg på drifta.

– Svekker fylket

Fylkesordførarkandidat for Framstegspartiet, Terje Søviknes varslar no ei hard linje mot nordfylket i det nye fylkestinget og følgjer dermed opp det han ha så då vedtaket var eit faktum i desember 2018.

– Det eg opplever her er at det Sogn og Fjordane har gjort svekker det nye Vestland fylke sin moglegheit til å levere gode tenester som innbyggjarane forventar av oss, seier Søviknes til NRK.

Han peikar på at fylkesrådmannen i nye Vestland har varsla kutt på om lag 100 millionar kroner i året. Hadde Sogn og Fjordane latt vere å dele ut kraftaksjane sine, så hadde ein kanskje unngått det, meiner Søviknes.

Vil ikkje strekke seg langt

– Dersom ein kjem med nye prosjekt og ikkje har finansiering til det, så er det i alle fall ikkje slik at vi vil strekke oss veldig langt for å dekke opp desse prosjekta, seier Søviknes med tydeleg kritikk til Sogn og Fjordane-politikarane.

Hovudoppgåva til fylkeskommunane er samferdsle og vidaregåande skular, og Frp har varsla at ingen skular skal leggast ned i Vestland i den komande fireårsperioden.

– Eg prøver å vere dønn ærleg. Vi har store utfordringar med begge desse områda, og då meiner eg at det ved inngangen til samanslåinga til Vestland blir feil at ein berre skal dele ut dei ressursane ein sit.

– Heilt uhøyrt

Det Søviknes seier vekkjer alt anna enn begeistring hos sitjande fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane.

– Eg tykkjer det er heilt uhøyrt å kome med slike truslar når vi skal bli eitt fylke, seier Følling.

Ho peikar på Hordaland sjølv gav vekk kraftaksjar dei fekk for den store utbygginga i Eidfjord på 80-talet. Hadde dei behalde dei aksjane hadde dei vore like rike som Sogn og Fjordane er i dag, meiner Følling.

– No er forholda slik at Sogn og Fjordane er ein av fylkeskommunane som har best økonomi i landet, medan Hordaland er ein av dei som har mest anstrengt økonomi.

Sjå heile utspørjinga her:

Erlend Blaalid Oldeide spør ut Terje Søviknes frå Framstegspartiet

Erlend Blaalid Oldeide spør ut Terje Søviknes frå Framstegspartiet