Hopp til innhold

Gir seg som redaktør i Firda

Yngve Årdal sluttar som dagleg leiar og ansvarleg redaktør i Firda med umiddelbar verknad. Det skriv Firda.

Yngve Årdal,, Firda

SLUTTAR: Yngve Årdal går av som redaktør og dagleg leiar. Han har jobba i Firda sidan 1984 og har vore innom det meste i avisa.

Foto: Johan Moen / NRK

Dei tilsette i Firda Media fekk beskjeden på eit allmøte måndag morgon. Årdal har vore redaktør i sju år, og dagleg leiar dei siste fire åra.

– Det har vore prosessar i Amedia og internt på huset som gjer at eg har reflektert over jobben eg har gjort, seier han til avisa.

Marie Havnen blir konstituert redaktør og Svein Atle Huus blir konstituert dagleg leiar.

Havnen seier ho er spent og audmjuk for utfordringa ho har fått.

– Eg gler meg til å jobbe vidare i Firda frå eit anna perspektiv enn det eg er vand med.

Styreleiar Morten Nilsen i Firda Media skal no starte prosessen med å finne ein ny ansvarleg redaktør og dagleg leiar.

Til NRK seier Yngve Årdal at han skal jobbe i Firda ut året for å avslutte nokre prosjekt han jobbar med.