Hopp til innhold

Går saman om straumsal – satsar nasjonalt

Sunnfjord Energi og Sogn og Fjordane Energi (SFE) går saman om å selje straum til privat- og bedriftskundar.

Fredrik Behrens

UAVHENGIG: – Vi starta opp samtalane om samanslåing av straumsalaktivitetane både før og heilt uavhengig av dei utgreiingane som er i gang rundt dei andre verksemdene i SFE og Sunnfjord Energi, seier administrerande direktør i Sunnfjord Energi, Fredrik Behrens.

Foto: Helge Johnsen

Det opplyser selskapa i ei pressemelding tysdag.

Selskapa er i tillegg i ein prosess der dei vurderer samanslåing av kraftproduksjon og drift av nettet .

– Kraftproduksjon og nettdrift er dei store delane, og der har vi ein god og konstruktiv prosess med SFE. I løpet av året håpar vi å presentere for eigarane våre ei framtid i eit felles selskap, seier administrerande direktør i Sunnfjord Energi, Fredrik Behrens, til NRK.

Følgje av energilova

Selskapa seier sjølve at konkurransekraft og gunstige prisar er nøkkelorda for å slå saman avdelinga for straumsal. Avdelinga får meir enn 30.000 kundar. Bakgrunnen for samanslåinga er den nye energilova som kom i 2016.

Fleire energiselskap protesterte mot lovendringa som pålegg selskapsmessig og funksjonelt skilje mellom avdelingane i energiselskapa.

Som følgje av dette var Sunnfjord Energi i kontakt med fleire selskap.

– Som lita eining ville straumsal blitt veldig lita, som vi meinte ikkje kunne leve på sikt. Vi måtte til med ny database og mykje ekstraarbeid. Då vi fekk eit gunstig tilbod frå SFE Kraft meinte vi det var rett veg å gå, seier Behrens.

Framleis lokal profil

– Det er ei kommersiell sak og ei omdømesak, så valet var vanskeleg. Difor er vi glade for at vi kom til semje med SFE slik at den lokale profilen framleis blir sentral, legg han til.

Det nye selskapet har 2/3 tidlegare SFE-kundar og 1/3 tidlegare kundar av Sunnfjord Energi. Selskapet er eigd 66 prosent av SFE og 34 prosent av Sunnfjord Energi, og har tilsette både i Førde, Florø og Sandane.

Sunnfjord Energi hadde to årsverk knytt til straumsalavdeling. Desse fekk tilbod om, og aksepterte, stilling i den nye avdelinga.

– I praksis betyr ikkje dette anna enn at vår og SFE Kraft si verksemd på sluttbrukarsal blir slått saman til ei eining.

Satsar nasjonalt

Johannes Rauboti

SIKRAR KUNDANE: Konsernsjef i SFE, Johannes Rauboti, peikar på at ei av dei viktige årsakene til at selskapa no har funne saman, er å sikre at kundane framleis opplever dei som konkurransedyktige i ein tøffare marknad.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Konsernsjef i SFE, Johannes Rauboti, seier i pressemeldinga at salsavdelinga avheng av å ha ein viss storleik for å gi kundane gunstige prisar og samstundes vere lønsame. I tillegg til å vere eit lokalt alternativ, vil dei no satse aktivt som ein nasjonal leverandør.

– Sunnfjord Energi har ikkje vore aktive på den nasjonale marknaden, men der har SFE bygd seg opp litt erfaring allereie. Vi har ambisjonar om god vekst, og trur vi skal kunne sparke godt ifrå oss i konkurransen mot andre nasjonale selskap, seier Rauboti.

– God kundekommunikasjon og bruk av innovative, digitale teknologikar vil spele ei nøkkelrolle også her, avsluttar han.