- I den kristne kulturen vi har er det alltid den som kjem dårlegast ut av ein situasjon som blir forsvart. Guden deira heng jo på eit kors, seier Gaahl, som står fast på å ha handla i sjølvforsvar.
Redusert straff
I går vart sunnfjordingen med artistnamnet Gaahl dømd til fengsel i 14 månader i Gulating lagmannsrett. Han fekk straffa redusert med fire månader i høve til tingretten sin dom, noko som skuldast den lange ventetida. Det tok nesten eitt år før ankesaka kom opp.
Ville drikke blodet
Gaahl er dømd for mishandling av ein 41 år gammal mann. Det var på eit nachspiel at vokalisten i det verdskjente blackmetal-bandet Gorgoroth skal ha slått og sparka 41-åringen fleire gongar i ansiktet og hovudet over fleire timar. Gaahl skal ha fått mannen til å blø opp i ein kopp og truga med å drikke blodet hans.
Offeret sjukmeld
Det er tre år sidan episoden skjedde, og 41-åringen er framleis sjukmeld. Ifølgje bistandsadvokat Robert Fonn er han letta over at dommen no er komen.
- Fyrst og fremst er han letta over å vorte trudd på forklaringa si om kva som skjedde, seier Fonn.
41-åringen får 200 000 kroner i erstatning. Det er ei dobling i høve til dommen til tingretten.