Hopp til innhold

– Det har tidvis vore krevjande å stå med ansvar for to små barn

Brå død og stor sorg råka den ferske kommunalministeren og familien to gonger på eit halvt år.

Sigbjørn Gjelsvik i Redalen

MIDT I UTSIKTA: Som kommunal- og distriktsminister meiner Sigbjørn Gjelsvik at det må drivast ein aktiv politikk slik at folk kan bu både i dei minste bygdene og dei største byane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

No fortel Sigbjørn Gjelsvik for første gong offentleg om det som skjedde hausten 2018 og våren 2019.

Vi møter ministeren ein føremiddag langfredag 2022.

Den nybakte kommunal- og distriktsministeren er heime på garden i Redal ved Førdefjorden der han vaks opp.

Til vanleg bur Sigbjørn Gjelsvik (48) på Sørumsand på Romerike.

Han kikkar utover fjorden og innover dalen. Gamle minner strøymer på, men han er vel vitande om at kvardagen oftast er alt anna enn grøne bøar og vårblå fjord.

– Eg hugsar godt oppveksten på garden. Eg likte veldig godt å gå i fotspora til far min og bestefar min i alt arbeidet på garden.

Her blei han også vekt politisk tidleg på 90-talet, då EU-saka var på det heitaste.

I dåverande Naustdal kommune, røysta 79 prosent mot, i Sogn og Fjordane sa 68 prosent nei.

På toppen av barrikadane stod ein ung Gjelsvik.

– Eg ber med meg eit politisk engasjement som både foreldra mine og besteforeldra mine har hatt.

Sigbjørn Gjelsvik og foreldra på Løvebakken.

Far og mor fekk vere med då Sigbjørn Gjelsvik blei vald inn som fast representant på Stortinget i 2017. Frå venstre Kjell Gjelsvik, Sigbjørn Gjelsvik og Edith Gjelsvik.

Foto: Privat

Har sett djupe spor

Men sjølv om han sa tydeleg nei den gongen, er det som ja-mann han er kjend. Han har sagt ja til dei fleste verv han har blitt spurt om.

Slik også då han blei vald inn på Stortinget for Senterpartiet i Akershus.

Då Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum spurte han om han ville gå inn i regjeringa på kort varsel – sa han ja igjen.

Men at han skulle seie ja til dette intervjuet, var ikkje gitt på førehand.

For første gong skal han snakke ope om dei to familietragediane som råka i 2018 og 2019.

Djupt personlege opplevingar som har sett djupe spor.

Først skal vi skru tida tilbake til natt til 14. oktober 2018.

Store nedbørsmengder og høge temperaturar pregar vêret på Vestlandet. Elvar og bekkar går flaumstore.

Utover morgonen søkk temperaturen brått.

Døydde brått

Kjell Gjelsvik, Sigbjørn sin far, skal opp i enden av innmarka og opne ei grind. Mjølkebilen er venta til gards.

– Han sa han ville labbe opp dit for å opne grinda. Men han ombestemte seg og tok traktoren, utan at eg visste det.

Det fortel mor Edith Gjelsvik. No står ho saman med sonen og ser innover dalen og ned mot elva.

Vonde minner pressar på for dei begge.

På veg tilbake mot garden får Kjell eit kraftig hjarteinfarkt medan han køyrer traktoren. Køyretøyet rullar vidare og hamnar til slutt i den flaumstore elva.

Etter litt tid finn hjelpemannskap 80 år gamle Kjell liggande under traktoren. Livet stod ikkje til å redde.

Kjell Gjelsvik og barnebarnet i Redal.

Kjell Gjelsvik var gardbrukar i Redal og var på jobb heilt fram til dagen han døydde, 80 år gamal. Her saman med sonen til Sigbjørn Gjelsvik.

Foto: Privat

Seinare syner det seg at det var hjarta som svikta den føremiddagen.

– Det er eigentleg vanskeleg å skildre den kjensla. Men eg tenkte mest på mor mi som var her på garden og som var aleine med far min då det skjedde.

Han og dei to ungane køyrde frå Sørumsand med ein gong dei fekk den triste beskjeden.

I bilen spann tankane om livet med ein god far, men framfor alt tenkte han på mor si og alt det ho hadde opplevd så nært på seg.

– Det sjokket som kom etter at ho var med han i fjøsen om morgonen og det å skulle ta farvel med han etter at han blei funnen i elva, det er veldig sterkt.

Det politiet først hevda var ei ulukke, fekk brei omtale i media. NRK og lokalavisa Firda omtalte ulukka med bilete før familien var varsla, noko som blei beklaga i ettertid.

– Heldigvis fekk vi varsel fort, seier Gjelsvik no i dag.

Ulukke Naustdal

Utrykkingsetatane kom raskt til då Kjell Gjelsvik fekk hjarteinfarkt på traktoren i oktober 2018.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Men knapt før sjokket etter faren sitt dødsfall hadde lagt seg, så råka ei ny tragedie.

Blei aleinefar

I april 2019 blei mora til ungane til Gjelsvik brått alvorleg sjuk og døydde. Lege og ambulanse var raskt på plass, men livet stod ikkje til å redde.

– På kvelden sa eg til ungane at eg måtte snakke med dei om noko alvorleg. Då snudde sonen min seg mot meg og spurte «Er mamma død?».

Sigbjørn Gjelsvik var brått blitt aleineforsørgar for to mindreårige born.

Margrethe Høydalsvik i Washington.

Margrethe Høydalsvik var mor til dei to borna til Sigbjørn Gjelsvik. Ho hadde også ein son frå tidlegare. Ho døydde brått av sjukdom i april 2019.

Foto: Privat

I dag fortel han om kor viktig det har vore å ha støtte frå den næraste familien, frå nære vener og frå kollegaer i politikken.

– Det har tidvis vore krevjande å stå med ansvar for to små barn. Eg trur det er ei livserfaring som er godt å bringe med seg, som er tøff når ein står i det, men som likevel gir ein eit ekstra perspektiv på livet.

I dag er Sørumsand heime for han og ungane. Men minna frå barndom og ungdom på ein gard i Sunnfjord gløymer han ikkje.

– Det å hjelpe kvarandre med store og små oppgåver er ein verdi eg fekk med meg frå oppveksten, og ein verdi eg forsøker å bringe vidare til mine barn.

Gjelsvik

Dottera til Sigbjørn Gjelsvik legg ned blomar ved mora si grav.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Statsråd og aleinepappa

At det var ei «me too»-sak som førte til at partikollega Odd Roger Enoksen gjekk av, ønskjer ikkje Sigbjørn Gjelsvik å dvele ved.

Sjølv om at det var det som gjorde at det opna seg ein plass ved kongens bord.

– Opphavet til det kan ikkje eg styre og det må handterast av andre som sit med ansvaret, seier den ferske statsråden.

Då han blei presentert om ny statsråd på Slottsplassen, var familien først i rekka til å gratulere.

Arbeidsoppgåvene står no i kø for aleinefaren og politikaren. Blant anna med å leggje til rette for at kommunane er rusta til å ta imot flyktningar frå Ukraina.

– Gjennom mange år har det vore politikken og ikkje posisjonane som har vore det viktigaste. Men det er jo gjennom posisjon at ein verkeleg får høve til å setje politikken ut i live.

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik gestikulerer og smiler på sitt kontor i Oslo

Rett vest og pent slips. Dress med vest har blitt Sigbjørn Gjelsvik sitt signaturantrekk som politikar.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

Ville bli sirkusdirektør

Men då han var liten gut heime på garden i Redal, var det slett ikkje statsråd han hadde planar om å bli.

– Han laga teater og fekk oss andre til å sitje i trappa og sjå på, ler mamma Edith.

Praten mellom mor og son går lett. Edith har heile vegen følgd sonen sin veg mot toppen av norsk politikk.

Men ho kan røpe at då han var liten var det sirkusdirektør han ville bli.

– Så er det vel nokon som meiner at det er eit sirkus den bransjen eg hamna i, seier Sigbjørn Gjelsvik og ler.

Sigbjørn Gjelsvik og Edith Gjelsvik

Mor og son har eit tett og nært forhold. For Sigbjørn Gjelsvik er det naturleg å reise heim til Sunnfjord i feriar og høgtider.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

AKTUELT NÅ