Hopp til innhold

Sogn og Fjordane framleis største eigar i Fjord1 - Havila kjøper seg inn

Fylkestinget i Sogn og Fjordane har i ettermiddag vedtatt å halde på dagens eigarpost i transportselskapet Fjord1.

Fylkestinget diskuterer Fjord1-saka

SPLITTA TINGSETE: Fylkestinget delte seg med 23 mot 16 røyster i Fjord1-saka.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Etter to og ein halv time engasjert debatt, vedtok Fylkestinget i ettermiddag at dei ikkje skal nytte forkjøpsretten dei har til å kjøpe Fjord1-aksjane som Møre og Romsdal no sel.

Dermed får det sunnmørske reiarlaget Havila kjøpe 41 prosent av aksjane i Fjord1, mens Sogn og Fjordane fylket held på sine 59 prosent av aksjane, og dermed kontrollen over selskapet.

Vedtaket var i tråd med fylkesutvalet sitt vedtak i førre veke, og vart banka gjennom i fylkestinget med 23 mot 16 røyster.

Fleirtalet bestod av representantar frå Ap, SP og SV.

Høgre, Frp, Venstre og Samfunnsdemokratane ville nytte forkjøpsretten, men hadde ulik meining om strategien vidare.

LES OGSÅ:

Konsernsjefen glad for avklaring

– Eg er glad for at to år med uvisse kring eigarsida no er avklara, seier konserndirektør Leif Øverland i Fjord1.

Han følgde debatten under tingsetet på Hermansverk, og er glad for utfallet.

Leif Øverland

Leif Øverland.

Foto: Art Rent AS

– Vi har heile tida sagt og trudd at Havila vil styrke oss som selskap. Vi rettar oss meir mot sjøverksemd, og trur vi vil dra synergiar saman med Havila. Eg trur eg har med meg over 2000 medarbeidarar når vi no set klutane inn att på kundesida og lønsemd igjen.

Øverland slår seg no til ro med at dei både har ein stor offentleg og ein privat eigar.

Uavhengig av kven vi har som eigarar, er det viktige for oss å skape avkasting og arbeidsplassar, seier Fjord1-sjefen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Manheller ferjekai

FERJEGIGANTEN: Fjord1 er eit av Norges største ferjeselskap og trafikerer samband frå Rogaland i sør til Trøndelag i Nord. Her går MF 'Årdal mot kai på Manheller i Sogn.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Sp: – Sikrar arbeidsplassar og hovudkontor

Nøgd er også Senterpartiet sin gruppeleiar, Jenny Følling, etter at dei raudgrøne avgjorde saka i Fylkestinget.

– Eg er glad for at eit fleirtal gjekk for å ikkje nytte forkjøpsretten, og få Havila inn som ein industriell aktør, seier Følling til NRK.no.

Ho er likevel lei seg for at fleirtalet ikkje var større under den endelege avrøystinga.

Jenny Følling

Jenny Følling (Sp).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg hadde håpa, for selskapet sin del, at det hadde vore eit breiare fleirtal bak dette, og at mindretalet ikkje hadde sprika i alle retningar. Det hadde vore ein fordel for stabiliteten i selskapet, men eg trur dette vil kunne samle seg litt etter kvart.

Følling kjenner seg trygg på av avgjerda om å halde på den 59 prosent store eigardelen vil sikre Fjord1-hovudkontoret i Florø, arbeidsplassar og verdiar i selskapet.

– Det sikrar at vi sit med eigarskap og eigarmajoritet til eit viktig transportselskap på Nord-Vestlandet, seier Senterpartiet sin fylkesordførarkandidat.

LES OGSÅ:

Høgre: – Dette var dårleg

Mathias Råheim

Mathias Råheim (H).

Foto: Sogn og Fjordane Høgre

Hos oposisjonen er derimot tonen ein annan etter avrøystinga.

– Det er skuffande. No får vi ikkje sjanse til å prøve ut det vi meiner hadde vore det beste. No blir det ei kapitalforringing og arbeidsplassane er slett ikkje sikra, viss vi skal selje seinare, seier Mathias Råheim frå Høgre.

– Dette var ei dårleg løysing, seier Høgre-veteranen, som ville nytte forkjøpsretten til å overta Møre og Romsdal sin eigarpost.


Saka blir oppdatert.