Hopp til innhold

Meiner fylkeskommunen bør kvitte seg med Fjord1-aksjane

Professor i transportøkonomi, Arild Hervik, meiner at Sogn og Fjordane fylkeskommune bør kvitte seg med aksjane i Fjord1.

Økonomiprofessor Arild Hervik

BØR UT: Professor ved Høgskulen i Molde, Arild Hervik, meiner det er utnaturleg med offentleg eigarskap i Fjord1.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Fylkesutvalet skal i dag handsame saka om den store eigarposten i Fjord1 som Møre og Romsdal ønskjer å selgje til rederigiganten Havila.

Reint kommersielt

Eit fleirtal av fylkespolitikarane seier truleg nei til dette i dag.

Professoren ved Høgskulen i Molde meiner dette er uklokt. Han peikar på at drift av sjøtransport med ferjer og hurtigbåtar etterkvart har vorte rein kommersiell verksemd.

– Fylkeskommunen som eigar vil ikkje ha den kompetansen på å forvalta eit reint kommersielt selskap, meiner Hervik.

Store endringar

Han peikar på at det ein har sett i rederinæringa dei siste 15 åra, er ei utvikling frå mange rederi, til nokre få store.

Fjord1

VIL IKKJE SELGJE: Eit fleirtal av fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane vil framleis ha offentleg eigarskap i Fjord1.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Det har vore ei utvikling frå 14 rederi der dei fleste var offentleg eigd, til tre store, dominerande rederi, der to er private. Det er berre Sogn og Fjordane att med offentleg eigarskap, påpeikar professoren.

Usamd med professoren

Fylkesutvalsmedlem Harry Mowatt (Ap), er sterkt usamd med Hervik. Han vil i dag støtte fleirtalet i fylkesutvalet, som kjem til å slå fast at fylkeskommunen skal vere ein aktiv eigar i Fjord1.

Harry Mowatt

USAMD: Fylkesutvalsmedlem Harry Mowatt.

Foto: NRK

– Eg trur framleis vi vil få ei verdistigning i åra framover, og få eit hyggelegare utbyte enn det vi har teke ut til no, seier Mowatt.

Tidlegare i år valde Møre og Romsdal fylkeskommune å selgje sin aksjepost i Fjord1 til Havila. Havila, med hovudbase i Fosnavåg, eig og skipsverftet Havyard i Leirvik i Hyllestad.